James Bulwer (21. mars 179411. juni 1879) var ein engelsk prest og naturhistorikar.

James Bulwer

Fødd21. mars 1794
Norfolk
Død11. juni 1879
NasjonalitetStorbritannia
Områdemålarkunst
Yrkenaturvitar, ornitolog
Alma materJesus College

Bulwer var fødd i Aylsham i Norfolk og studerte ved Jesus College i Cambridge.[1] Medan han var i Cambridge fekk han teikneundervising av den kjende landskapskunstnaren John Sell Cotman. Han blei også medlem av Linnean Society of London grunna si interesse for muslingar. Ein av dei som føreslo han som medlem var marinbiologen William Elford Leach.

I 1818 blei Bulwer ordinert som diakon og i 1822 som prest. I 1823 blei han kapellan i Dublin. I 1831 flytta han til Bristol og i 1833 til St James's Chapel i Piccadilly i London. Gjennom fleire vintrar reiste han rundt i Spania, Portugal og på Madeira, somme gonger saman med filosofen Alfred Lyall. Våren 1825 sanka han eit eksemplar av ein ukjend petrellart på Madeira. Petrellen blei skildra av William Jardine og P.J. Selby i 1828 og gjeven det vitskaplege namnet Bulweria bulwerii . På engelsk er arten kalla Bulwer's petrel og på norsk spisshalepetrell. Bulwer blei også opphavet til namnet på petrellslekta Bulweria.

Bulwer flytta frå London i 1839 og flytta tilbake til Norfolk. Han blei kapellan ved godset Blickling Hall og seinare Hunworth. Då sønene hans byrja som elevar ved King's College School i London fornya han vennskapen med Cotman. Fleire av skissene hans frå Spania og Madeira inspirerte Cotman sine akvarellar.

Kjelder endre

  1. «Bulwer, James (BLWR814J)», Cambridge Alumni Database, University of Cambridge.