Bulweria

fugleslekt

Bulweria er ei biologisk slekt av sjøfuglar i stormfuglfamilien Procellariidae. Slekta har namn etter den engelske naturhistorikaren James Bulwer. Slekta har berre to nolevande artar, spisshalepetrell og arabarpetrell. Ein tredje art, Bulweria bifax, døydde ut tidleg på 1500-talet; han er kjent frå skjelettrestar.

Bulweria
Spisshalepetrell (Bulweria bulwerii)
Spisshalepetrell (Bulweria bulwerii)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Bulweria
Bonaparte, 1843

Bulweria-petrellane har lenge vore vurdert som nært relatert til Pterodroma eller «eigentlege petrellar», men nyare studiar med DNA-analysar har vist at Bulweria i staden er nærast i slekt med lirer i slekta Puffinus og spesielt til Procellaria-petrellar.[1]

Kjelde

endre

Fotnotar

endre
  1. Bretagnolle, Vincent; Attié, Carole & Pasquet, Eric (1998). «Cytochrome-B evidence for validity and phylogenetic relationships of Pseudobulweria and Bulweria (Procellariidae)» (PDF). Auk 115 (1): 188-195. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.