James David Forbes
britisk fysikar
James David Forbes (20. april 1809–31. desember 1868)[1] var ein skotsk fysikar og glasiolog som arbeidde mykje med varmeleiing og seismologi. Forbes budde i Edinburgh det meste av livet sitt og var lærar ved universitet og ein professor der frå 1833 til han vart rektor ved United College of St. Andrews i 1859.
James David Forbes | |||
| |||
Fødd | 20. april 1809 Edinburgh i Skottland | ||
---|---|---|---|
Død | 21. desember 1868 (59 år) Clifton i Bristol i England | ||
Statsborgarskap | Storbritannia | ||
Nasjonalitet | skotsk | ||
Område | Fysikk Glasiologi | ||
Yrke | fysikar, glasiolog, geolog, oppfinnar, seismolog, universitetslærar, fjellklatrer, skribent | ||
Institusjonar | University of Edinburgh | ||
Alma mater | Edinburgh University | ||
Ektefelle | Alicia Wauchope | ||
Barn | George Forbes, Edmund Batten Forbes | ||
Medlem | Royal Society Det prøyssiske vitskapsakademiet Royal Society of Edinburgh Det bayerske vitskapsakademiet | ||
Han arbeidde mykje med isbreane i Alpane og Noreg, som han utforska på fleire reiser i 1840- og tidleg i 1850-åra. Forbes skreiv Travels Through the Alps of Savoy (1843), Norway and its Glaciers (1853).
Han fann opp seismometeret i 1842.[2]
Forbesbreen i Graham Land er kalla opp etter han.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «James David Forbes» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Burke, John G. (1970–80), «Forbes, James David», Dictionary of Scientific Biography. 5., New York: Charles Scribner's Sons, s. 68–69, ISBN 978-0-684-10114-9
- ↑ Waterston, Charles D; Macmillan Shearer, A (Juli 2006). Former Fellows of the Royal Society of Edinburgh 1783-2002: Biographical Index (PDF) I. Edinburgh: The Royal Society of Edinburgh. ISBN 978-0-902198-84-5. Henta 7. november 2013.
- Brinchmann, Jacob. (14. februar 2009). James David Forbes. I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.