James Loughran CBE (30. juni 193119. juni 2024) var ein skotsk dirigent. Han var den fyrste britiske dirigenten som vart utnemnd til sjef for eit leiande tysk orkester.

James Loughran

Fødd30. juni 1931
FødestadGlasgow
Død19. juni 2024 (92 år)
DødsstadBearsden
OpphavStorbritannia
Sjangerklassisk musikk
Verka somdirigent
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Fellowship of the Royal Northern College of Music

Bakgrunn

endre

Loughran var elev ved St Aloysius' College i Glasgow.[1] Han dirigerte på skulen og etterpå, medan han studerte økonomi og juss. Då han søkte råd frå ein av dirigentane til Scottish National Orchestra, Karl Rankl, om korleis han kunne utvikle den musikalske karrieren sin, foreslo Rankl at han skulle få erfaring gjennom å arbeida i det tyske operahussytemet. Loughran fekk derfor ei stilling som repetitør ved Bonn Opera i 1958, der han kom i kontakt med Peter Maag, og arbeidde etterpå i same stilling med Nederland Opera og i Italia, i Milano.

Loughran byrja karrieren sin som dirigent med Bournemouth Symphony Orchestra etter å ha vunne 1961 Philharmonia Orchestra's Conducting Competition som blei dømt av Otto Klemperer, Carlo Maria Giulini, sir Adrian Boult og orkesteret. I Bournemouth arbeidde Loughran i lag med hovuddirigenten for orkesteret, Constantin Silvestri. Loughran debuterte i Covent Garden med Aida av Verdi i 1964. Dette førte til at Benjamin Britten inviterte han til å bli musikalsk direktør for English Opera Group.

Karriere

endre

Loughran var hovuddirigent for BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) frå 1965 til 1971. Han vart så hovuddirigent for Hallé frå 1971-72 sesongen, etter sir John Barbirolli.[2] Han var i stillinga fram til 1983, og var conductor laureate for Hallé frå 1983 til 1991.

Andre oppdrag i Storbritannia inkluderte å leia den fyrste konserten til det nyoppretta Scottish Chamber Orchestra i 1974. Han leidde òg Last Night of the Proms fem gonger, mellom 1977 og 1984. Han var hovuddirigent for BBC National Orchestra of Wales frå 1987 til 1990.

Utanfor Storbritannia var Loughran hovuddirigent for Bamberg Symphony Orchestra frå 1979 til 1983, den fyrste britiske dirigenten som vart utnemnd til sjef for eit stort tysk orkester. I Danmark var han hovuddirigent for Aarhus symfoniorkester frå 1996 til 2003. Han debuterte i USA i 1972, då han dirigerte New York Philharmonic. James Loughran blei utnemnd til permanent gjestedirigent for Japan filharmoniorkester i 1980, og æresdirigent frå 2006. Loughran var aktiv som gjestedirigent for mange av dei største orkestera i verda, inkludert Royal Liverpool Philharmonic Orchestra, Philharmonia, London Philharmonik, Royal Philharmonics, Los Angeles Philharmony, Dallas Symphony, Munich Philharmonie, RSO Berlin, Vienna Symphony, Stockholm Philharmonia, Finsk radiosymfoni og andre.

Han blei freeman av London i 1991, og i nyårslista frå 2010 blei han utnemnd til Commander of the Order of the British Empire (CBE).[3] Han var òg president for Edinburgh Youth Orchestra og Fellow i Royal Scottish Academy of Music & Drama.

Innspelingar

endre

Loughran si Hallé-innspeling av The Planets av Holst vann ein Gold Disc frå EMI, og syklusane hans av Beethoven-, Brahms- og Elgar-symfoniar fekk utbreidd ros. Andre opptak inkluderer pianokonserter av Brahms med John Lill og Violin Concerto med Maurice Hasson, Saint-Saëns sine pianokonsertar No. 2 og 4 med Idil Biret, Hector Berlioz sin Symphonie fantastique og Sergej Rakhmaninov sin andre symfoni. I tillegg kan ein merka seg innspelingar av Belshazzar's Feast av Walton og verk av familien Strauss. Han spelte òg inn dei komplette Beethoven-symfoniane med London Symphony Orchestra som ein del av Den europeiske kringkastingsunionen si markering av Beethoven si tohundredårsfeiring i 1970.

Loughran dirigerte òg Havergal Brian sin Symphony No. 10 for den aller fyrste kommersielle innspelinga av noko av musikken til Brian, med Leicestershire Schools Symphony Orchestra. Innspelinga blei gjeven ut på Unicorn Records i 1973, i lag med Brian sin Symphony No. 21, dirigert av Eric Pinkett.

Privatliv

endre

Loughran var gift to gonger. Han gifta seg første gong med Nancy Coggan i 1961, og dei fekk to søner, ein av dei sportskommentatoren Angus Loughran. Paret skilde seg i 1983. Han gifta seg opp att med Ludmila Navratil i 1985.[4] Loughran døydde den 19. juni 2024, 92 år gammal.[5][6]

Kjelder

endre
  1. «James Loughran from The Gazetteer for Scotland» (på engelsk). Henta 26. september 2023. 
  2. Kennedy, Michael (March 1972). «Reports: Manchester». The Musical Times (The Musical Times, Vol. 113, No. 1549) 113 (1549): 286–287. JSTOR 957152. doi:10.2307/957152. 
  3. «No. 59282». The London Gazette (Supplement): 7. 31. desember 2009. 
  4. International Who's Who in Classical Music 2009. Routledge Taylor & Francis Group (2009), p. 501 (ISBN 978-1-85743-513-9)
  5. 'Renowned Scottish orchestral conductor James Loughran dies', The National, 23. juni 2024
  6. «James Loughran obituary: internationally renowned Scottish conductor». The Times. 25. juni 2024. Henta 14. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre