Jamesbukta (fransk Baie James;[1] cree ᐐᓂᐯᒄ, Wînipekw, 'gjørmete vatn') er ei enorm havbukt i den sørlege enden av Hudsonbukta i Canada. Begge strekkjer seg sørover frå Nordishavet. Grensa mellom provinsane Quebec og Ontario går gjennom bukta i lengdretninga, men øyane i havet, medrekna den største Akimiski Island (3001 km2), høyrer til territoriet Nunavut. Nedslagsfeltet til bukta er åstad for fleire store vasskraftprosjekt, og er òg brukt til elvebasert rekreasjon. Fleire lokalsamfunn er plassert nær eller ved kysten av Jamesbukta, inkludert ei rekkje lokalsamfunn av urfolk som Kashechewan.

Jamesbukta
bukt
Jamesbukta med Hannahbukta nedst til høgre. Satellittbilete frå august 2000
Land  Canada
Del av Hudsonbukta
Kart
Jamesbukta
53°05′00″N 80°35′00″W / 53.083333333333°N 80.583333333333°W / 53.083333333333; -80.583333333333
Wikimedia Commons: James Bay

Som med resten av Hudsonbukta, frys sjøen i Jamesbukta om vinteren, sjølv om dette havet er det siste til å fryse om vinteren, og den første til å tine om våren.

Geografi endre

Jamesbukta representerer den sørlege utstrekninga innanfor økosona til dei store øyane i det kanadiske polararkipelet. Den steina og småkuperte austbreidda dannar den vestlege utkanten av det kanadiske skjoldet i Quebec, og såleis er det viktigaste habitatet her boreal skog. Vestkysten er prega av flatt, vått tundralågland. Ein stor del av dette området er ein del av Polar Bear Provincial Park.

Hundrevis av elver flyt inn i Jamesbukta. Geografien i regionen gjev mange av elvane likeins eigenskapar. Dei pleier å vere breie og grunne nær bukta, medan dei er brattare og smalare lenger oppstraums.

Hannahbukta

Hannahbukta er den sørlegaste bukta innanfor Jamesbukta. Her flyt elvane Kesagami og Harricana ut i Jamesbukta. Eit område på om lag 238 km² er verna som fuglereservat for trekkfuglar etter kanadisk lov. Dette verneområdet er òg utpeikt som eit verdifullt område etter Ramsarkonvensjonen frå mai 1987.

Landet i dette området er ei blanding av gjørmete fjærer, sand- og saltsletter, elvemunningar, myrar, ferskvassdammar, sumpar og skogkledde myrar. Desse elementa gjev grunnlag for eit rikt dyreliv.

Historie endre

Menneske slo seg ned ved kysten av bukta då breane frå den siste istida trekte seg tilbake, for rundt 8150 år sidan. Det har budd ulike urfolksgrupper i området. Då europearar kom til staden var folka som levde på begge sider av bukta creefolk.

Henry Hudson leia truleg den fyrste europeiske ekspedisjonen til bukta, då han utforska den større bukta som blei kalla opp etter i 1610. Denne sørlege delen av bukta fekk namn etter Thomas James, ein walisisk kaptein som utforska området meir nøye i 1630 og 1631.

Kjelder endre

  1. «Baie James», Geographical Names Data Base (Natural Resources Canada) 

Bakgrunnsstoff endre