Jamtli er namnet på Jämtlands läns museum i Östersund i Sverige. Museet har eit friluftsområde med kulturhistoriske bygningar og miljø, og dessutan innandørs faste og vekslande arkeologiske og kulturhistoriske utstillingar. Klenodiet i samlingane er veggteppa Överhogdalstapeten frå vikingtida/mellomalderen med eit mylder av figurar som det til no ikkje er gjeve fullgode tydingar av.‎

Jamtlis hovudinngang.

Namnet «Jamtli» tydar 'lia til jemtane', og synar til terrengtilhøva på staden. Opphavleg var dette namnet på friluftsmuseet, medan innandørssamlinga heitte Jämtlands läns museum. Dei to musea vart slegne saman i 1974, i samband med at Jämtlands läns landsting og Östersunds kommun organiserte musea som stiftinga Jämtlands läns museum. Frå 2008 vart namnet Jamtli teke i bruk om heile museet.

Museet vart skipa i 1912 av Jämtlands läns fornminnesförening, Jämtlands läns konstförening og Föreningen Jämtslöjd. Den fyrste museumsbygningen var teikna av arkitekt Frans Bertil Wallberg og teke i bruk i september 1930. Ein ny museumsbygning nedanfor det opphavlege museet vart påbyrja i 1990 og opna i 1995.

BakgrunnsstoffEndra