Jamuna
- For den indiske elva Jamuna, sjå Yamuna.
Jamuna, på bengali যমুনা Jomuna eller Djåmna, er namnet på hovudløpet av Brahmaputra gjennom Bangladesh. Denne delen av elva er rundt 150 km lang. Ho er ei av tre hovudelver i Bangladesh.


Jamuna flyt sørover etter at ho kjem inn i Nord-Bangladesh frå India. Ho renn saman med Ganga til Padma (Pôdda) nær Goalundo Ghat og med Meghna nær Chandpur. Dei dannar så Gangesdeltaet som munnar ut i Bengalbukta.

Elvesystemet Jamuna er deler Bangladesh på langs og utgjer eit transporthinder i landet. Tradisjonelt har ein brukt ferjer til å kryssa elva. Jamuna-brua, den femte lengste brua i Sør-Asia, opna for vegtrafikk over elva i 1998.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- «Jamuna» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Jamuna River» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2010.