Jan Askelund
Jan Askelund (fødd 11. februar 1940 i Haugesund)[1] er ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.
Jan Askelund | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. februar 1940 (84 år) Haugesund |
Yrke | Lektor |
Debut | Haremunn 1940 |
Askelund er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Oslo og har i tillegg studert dansk språk og litteratur ved Universitetet i Århus og gått pedagogisk seminar.[2] Han har arbeidd som lektor ved Bryne vidaregåande skule og St. Olav videregående skole i Stavanger.[2]
Han debuterte som forfattar i 1969 med diktsamlinga Haremunn 1940, og har sidan skrive fire diktsamlingar, tre romanar, ei sakprosabok og ei barnebok. I tillegg har han skrive artiklar for tidsskrift og årbøker og vore bokmeldar i Stavanger Aftenblad.[2]
Bøker
endre- 1969 – Haremunn 1940 – diktsamling
- 1972 – Diktlesing for alle – sakprosa
- 1981 – Ruth Anne og dei – barnebok
- 1984 – Klovnens sjeldne yrke – diktsamling
- 1985 – Som alle veit – diktsamling
- 1986 – Løva brøler i bushen – roman
- 1987 – Silda kjem mannsterk igjen – roman
- 1992 – Kameleonen er mitt dyr – diktsamling
- 1993 – På intensiven – roman
- 2003 – Gravferd – diktsamling
- 2013 –Fortsatt i virksomhet: Festskrift til Regi Th. Enerstvedts 75-årsdag, bidragsytar
Referansar
endre- ↑ ««Jan Askelund»». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 ««Askelund, Jan»». Nettstaden til Haugesund Folkebibliotek. Henta 15. april 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Jan Askelund hjå Nasjonalbiblioteket
- Presentasjon av Jan Askelund på nettstaden til Haugesund Folkebibliotek[daud lenkje]
- Presentasjon av Jan Askelund på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.
- Øystein Rottem (1998). «Fra nær og fjern, i fortid og nåtid : Firkløver med utsyn mot Afrika». Norges litteraturhistorie : Vår egen tid : 1980-1998. Oslo: Cappelen. s. 146-147. ISBN 8202154782.
- Utgjevingar av Jan Askelund i Biblioteksøk