Jan Borgersen (6. mars 19326. juni 1983) var ein norsk friidrettsutøvar frå Fredrikstad. Han vart noregsmeister på 110 meter hekk i 1952 og 1954, i 1954 også på 400 meter hekk. Borgersen, som var medlem i Fredrikstad IF, forbetra i september 1954 to gongar den norske rekorden på langhekken.

Jan Borgersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1932
Død

6. juni 1983 (51 år)

Idrett friidrett

Aktiv endre

Mot slutten av august 1952 vann Borgersen gullmedaljen på korthekken under NM i Oslo. Ei veke seinare i København tangerte han Konrad Hauges 20 år gamle norske rekord i øvinga. I landskampen mot Danmark overraska og vann han på tida 14,8 sekund.

Under Friidretts-NM 1954 i Sarpsborg vann Borgersen begge hekkeløpa, på 110 m hekk viste han favoritten Tor Olsen til sølvplass. Borgersen forbetra sitt personbeste på 400 meter hekk med 1,3 sekund då han på Bislett stadion den 11. september 1954 sletta den 20 år gamle noregsrekorden til Holger Albrechtsen. Deretter reiste han til Athen og landskamp mot Hellas. Onsdagen 16. september vann han langhekk-øvinga og flytta den blodferske rekorden ytterlegare to tidels sekund, ned til 53,2 sekund. Med eitt tidels sekund betre tid tok Kai Sjøberg i 1956 over som norsk rekordhaldar på 400 m hekk.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1951 i Oslo: Bronsemedalje på 110 m hekk
  • 1952 i Oslo: Gullmedalje på 110 m hekk
  • 1954 i Sarpsborg: Gullmedalje på 110 m hekk og 400 m hekk
  • 1955 i Oslo: Sølvmedalje på 110 m hekk og 400 m hekk
  • 1956 i Stavanger: Sølvmedalje på 110 m hekk og 400 m hekk

Kjelder endre