Kai Sjøberg

norsk fotballspelar

Kai Sjøberg (29. april 193615. september 1994) var ein friidrettsutøvar og fotballspelar frå Eidsvoll i Akershus. Han vart norsk meister på 400 meter hekk i 1956 og cupmeister 1963 og 1965, samt seriemeister 1966 med fotballaget Skeid. På fotballbana var han senterløpar med hovudspel som sin fremste styrke.

Kai Sjøberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1936
Død

15. september 1994 (58 år)

Idrett fotball

Karriere endre

Friidrett endre

Sjøberg var medlem av Oslo-laget IF Torodd då han tevla i toppen av norsk friidrett. Han spesialiserte seg i 400 meter hekkeløp, der han i åra frå 1954 til 1959 sikra seg fem NM-medaljar i øvinga. Omframt gullmedalje i 1956, vann han to sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar. Tidsmessig forbetra han seg frå 55,0 sekund i 1954 til 54,6 i 1955. 1956-sesongen Sjøberg landets bestemann på langhekken, flytta sitt personbeste fire gongar, sist til 53,1 på Bislett stadion den 10. oktober. Under noregsmeisterskapen i Stavanger slo han andremann med 1,6 sekund. 1. september 1957 vann han øvinga i landskamp mot DDR i Leipzig på årsbeste 53,4. I august 1958 forbetra seg fyrst til 52,9 i landskamp mot Romania, for så å verte klokka inn på 52,6 den 25. august. Trass i at han då presterte livsbeste, måtte han oftare sjå ryggen på den nye norske langhekks-einaren, Jan Gulbrandsen. År 1959 deltok Sjøberg i NM, men satsinga på friidrett var over.

Fotball endre

År 1960 spelte Sjøberg fotball på laget til Hugin i divisjon 4. Frå 1961 til 1970 var han aktiv for IK Skeid, eit lag som i denne perioden var eitt av Noregs beste fotballag. År 1963 enda Oslo-laget på tredjeplass i 1. divisjon. Sesongen vart avslutta med cupfinale mot Fredrikstad FKUllevaal stadion. Her utlikna Sjøberg til 1–1 før spisskollega Pål Sæthrang avgjorde kampen til 2–1 i andre ekstraomgang. To år seinare måtte det tre finalekampar til før Skeid-spelarane kunne heve kongepokalen. Sjøberg bidrog med ei skåring i den fyrste finalekampen på Ullevaal stadion. I 1966 vart Skeid seriemeister for fyrste og siste gong. Saman med målvakta Kjell Kaspersen, stopparen Frank Olafsen, midtbanespelaren Trygve Bornø og spissmakkar Pål Sæthrang, utgjorde Skjøberg ryggrada i meisterlaget.

Sjøberg slutta i Skeid i 1970. Sidan var han aktiv for andredivisjonslaget Eidsvold Turn åra mellom 1972 og 1974. Etter den tid spelte han i tre sesongar med Eidsvold IF i 5. disvisjon.

I sin landslagsdebut i fotball, på Lerkendal stadion 27. mai 1965, la Sjøberg på til 3–2 då Noreg slo Luxemburg 4–2 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 1966. Tre veker seinare var han med på den historiske 3–0-sigeren over JugoslaviaUllevaal stadion. I hans landskamp nummer 3 og 4, høvesvis mot Frankrike på heimebane hausten 1965, og mot Portugal på bortebane i november 1967, vart det eittmålstap.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1963 og 1965 med IK Skeid
  • Seriemeister: 1966 med IK Skeid
  • Sølv i seriemeisterskapen: 1967 med IK Skeid
  • Bronse i seriemeisterskapen: 1963 med IK Skeid

Kjelder endre