Jan Gossaert
Jan Gossaert, ofte kalla Mabuse etter fødestaden Maubeuge, (cirka 1478–1. oktober 1532) var ein flamsk kunstmålar.
Jan Gossaert | |
Pseudonym | Mabuse |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket |
Fødd | 1478 Maubeuge |
Død | |
Yrke | kunstmålar |
Språk | fransk |
Sjanger | nordisk renessanse |
Medlem av | Antwerpen Sankt Lukas Gilde |
Jan Gossaert på Commons |
Liv og gjerning
endreLite er kjent om Gossaerts tidlege liv og utdanning. I dei eldste arbeida hans ser ein drag av tradisjonen etter Jan van Eyck og Hugo van der Goes. Han vart registrert som meister i målarlauget i Antwerpen i 1503, og arbeidde der i fem år.
År 1508 gjekk han i teneste hos Filip av Burgund og fylgde oppdragsgjevaren til Italia. Etter opphaldet der, reiste Filip i 1509 tilbake til Nederlanda og slo seg ned på borgslottet sitt i Zeeland. Tida 1509-17 arbeidde Gossaert i Middelburg med ulike oppdrag for Filip. Saman med Jacopo de Barberi planla han utvidinga av slottet og interiøret i dette. Han tok då i bruk arkitektoniske stildrag og positurar vanleg i italiensk kunst. Desse elementa brukte han saman med tradisjonelle flamske figurar. Dei einaste signerte verka frå denne perioden er Neptun og Amfitrite frå 1516 og Madonna frå året etter.
I 1517 vart Filip av Burgund biskop i Utrecht. Gossaert flytta med og stod for utsmykkinga av kontora til Filip på slottet Duurstede. Han måla i 1523 biletet Narren til den dansk-norske kongen, Kristian II. Då Filip døydde i 1524, forma Gossaert gravminnet hans.
Gossaert var ein framifrå portrettmålar. Han måla bilete av dronning Leonore og eit lite portrett av keisar Karl V. Elles måla han fleire fyrsteborn og personar i maktposisjonar.
Etter 1524 gjekk Gossaert i teneste hos markgreven av Veeren, ein bror av Filip av Burgund. I sine seinare leveåra sette alkoholisme stort preg på han.
Han døydde i Middelburg i 1532.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tysk» frå Wikipedia på tysk, den 21. april 2012.
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon