Jan Sagedal (fødd 19. juni 1960) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar, styrkeløftar og vektløftar frå Froland i Aust-Agder. Han vart noregsmeister i kulestøyt i 1998. I tida frå 1982 til 2003 sanka han i tillegg fire sølvmedaljar og sju bronsemedaljar i øvinga under noregsmeisterskap i friidrett. Sagedal var etter tur medlem i Froland IL, Sørild FIK og IK Tjalve. Kåre Sagedal var tvillingbror hans.

Jan Sagedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1960 (63 år)
Froland kommune
Idrett friidrett

Friidrett endre

Sagedal forbetra den personlege rekorden i kulestøyt frå 18,29 meter i 1984, via 19,66 m i 1985 til 20,76 meter i 1986, den siste var ny norsk rekord og kom under eit stemne i Bodø den 4. juni. Same året sette han elles personleg rekord i diskoskast med 58,56 meter. Hausten 1987 vart Sagedal dopingdømd og utestengt frå friidretten i 2 år. Han kom tilbake i 1989 og støytte kula opp mot 20 meter i så vel 1989 som 1990. I 1992 vart han dopingdømd for andre gong og då stengt ut i 4 år. Han byrja tevle att i 1996. Fram til 2003 plukka han årleg ein NM-medalje i kulestøyt, og vart i 1998 noregsmeister i øvinga.

Sagedal var påmeld til Friidretts-EM 1986, VM 1987, EM 1990 og VM 1991. Han kvalifiserte seg til finalen i 1986-EM, men rauk ut etter tre døde støyt i finalen.

Doping endre

I april 1987 testa Sagedal og fire andre i det norske kastmiljøet positivt på det vassdrivande middelet probenecide før eit stemne i USA, middelet vart nytta for å skjule bruk av dopingmidlar. Sagedal fekk ein dom på 24 månader. I 1992 leverte han ei ny positiv prøve. Denne viste bruk av methandrostenolon, eit anabolt steroid. Han vart etter dom stengt ute frå idrett i fire år.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • Kulestøyt:
  • Gull: 1998
  • Sølv: 1982, 1999, 2000, 2002
  • Bronse: 1983, 1985, 1991, 1996, 1997, 2001, 2003

Personlege rekordar og årsbeste i kulestøyt endre

År 1983 1984 1985 1986 1987–88 1989 1990 1991 1992–95 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
Lengde 18,02 18,29 19,66 20,76 - 19,92 19,97 19,02 - 18,70 18,50 18,16 - 18,39 18,06 17,62 17,16

Kjelder endre