Jan Vincents Johannessen

Jan Vincents Johannessen (fødd 25. mai 1941) er ein norsk lækjar (dr.med.), professor i medisin og tidlegare administrerande direktør ved Radiumhospitalet. Johannessen kjem frå Kristiansand. Han har skrive svært mange vitskaplege og populærvitskapelege publikasjonar, hovudsakleg innanfor elektronmikroskopi, patologi og kreftforsking.

Jan Vincents Johannessen

Fødd25. mai 1941
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, onkolog, kunstnar
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi

Kunsten å leve, med illustrasjonar av Jacob Weidemann og tekstar av Jan Vincents Johannessen, kom ut i 1993 og vart med 135 000 selde eksemplar den mest selde gåveboka i Noreg gjennom tidene. Boka kom ut i ei auka og omvølt utgåve i 2007. Johannessen har òg skrive songtekstar til m.a. Melodi Grand Prix og den norske teksten til «Somethin' Stupid» («Forelska») med Tor og Siren Endresen.

Verv endre

Prisar og utmerkingar endre

Johannessen har motteke ei rekkje utmerkingar for virket sitt.[1] Han vart i 2002 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Johannessen er kommandør av den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen, av den svenske Nordstjerneordenen, av den belgiske Kroneordenen og av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden. Han er offiser av Republikken Polens fortjenstorden og av Republikken Italias fortjenstorden.

I 1989 vart han heidra med Karl Evangs pris.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Jan Vincents Johannessen», Nordic Light International Festival of Photography.
  2. «Karl Evangs pris 1989: Calle Almedal og Jan Vincents Johannessen»[daud lenkje], Helsetilsynet, 24. september 2004.

Bakgrunnsstoff endre