Jana Pittmann, seinare Jana Rawlinson, (fødd 9. november 1982) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sydney som internasjonalt deltok i 400 meter hekkeløp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003 og 2007.

Jana Pittman


Statsborgarskap Australia
Fødd 9. november 1982 (42 år)
Sydney
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i Vinter-OL 2014, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Aktiv

endre

Pittman sigra på 400 m hekk i ungdoms-VM 1999 i polske Bydgoszcz, året etter vann ho både 400 m hekk og 400 m flatt under junior-VM i Santiago i Chile.

I 2002 sprang Pittman inn til fyrsteplass på langhekken under samveldeleikane i Manchester. Året etter sett ho personleg rekord med 53,22 sekundar då ho vann gullmedaljen på 400 meter hekk under VM 2003 i Paris. I 2006 var ho heilt suveren då ho i Melbourne forsvarte tittelen som samveldemeister i spesialøvinga.

Under friidretts-VM 2007 i Osaka sprang Pittman heilt ned mot si bestetid på 400 m hekk og tok sitt andre VM-gull på langhekken, framfor tittelforsvararen, russiske Julija Petsjonkina.

Pittman var ei tid gift med den britiske hekkeløparen Chris Rawlinson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre