Denne artikkelen handlar om tettstaden i Gran. For staden i Antarktis, sjå Jaren i Dronning Maud Land.

Jaren er administrasjonssenter i Gran kommune kommune Innlandet fylke og huser Gran rådhus med sine funksjoner for dei drygt 13 000 innbyggjarane i kommunen. Jaren ligg på Hadeland, midt mellom Gran sentrum og Brandbu og var tidlegare eit livleg sentrum rundt stasjonen og mølla med mange forretningar og industri. I dag er det litt stillare på Jaren med eit mindre kjøpesenter med daglegvarebutikk, ein fiskebutikk, Hadeland mølle, Hadeland Energi, Gran Rådhus, Hadeland Selskapslokaler og Hadeland Steinindustri. Even i Bua som er ein kiosk ligg litt lenger nedom senteret. Jaren har også ein barneskule som heiter Jaren skole.

Jaren
stad
Gran rådhus
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gran
Postnummer 2770 JAREN
Preposisjon Jaren
Kart
Jaren
60°23′00″N 10°33′00″E / 60.38333333°N 10.55°E / 60.38333333; 10.55
Wikimedia Commons: Jaren
Jaren stasjonGjøvikbanen

Busetjinga mellom Jaren og Brandbu har vorte så tett att Statistisk Sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren for ein tettstad med 5 084 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Kjende personar frå Jaren endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre