Jari Litmanen
finsk fotballspelar
Jari Olavi Litmanen (fødd 20. februar 1971) er ein finsk tidlegare fotballspelar frå Lahti, den aller beste fotballspelaren i Finland nokon gong. Angrepsspelaren deltok i 137 landskampar i tida 1989 til 2010, og skåra 32 landslagsmål. Han vann Meisterligaen 1995 med nederlandske Ajax og UEFA-cupen 2001 med FC Barcelona. Elles sikra han seg fem seriemeistertitlar i Nederland med Ajax og ein, i 2011 i Finland, med Helsinki-laget HJK. Han la deretter skoa på hylla.
Jari Litmanen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 20. februar 1971 (52 år) Lahtis |
Idrett | fotball |
Utmerkingar |
AFC Ajax–player of the year, AFC Ajax–player of the year, Captain’s Ball, Hall of Fame of Finnish football, ridder av Finlands løves orden |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Jari Litmanen» frå Wikipedia på svensk, den 2. juni 2016.