Jason Scheff
Jason Randolph Scheff (fødd 16. april 1962) er ein USA-amerikansk bassist, songar og låtskrivar. Sidan 1985 har han vore bassist og songar for pop-rock-gruppa Chicago.[1] Han er den eldste sonen til den kjende bassisten Jerry Scheff, som i mange år spelte med Elvis Presley.
Jason Scheff | |||
| |||
Fødd | 16. april 1962 (62 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Diego i California i USA | ||
Fødenamn | Jason Randolph Scheff | ||
Aktiv | 1980 til i dag | ||
Sjanger | Rock, blues, R'n'B | ||
Instrument | vokal, bassgitar, keytar, gitar | ||
Verka som | Musikar |
Scheff starta den profesjonelle karrieren sin i 1982 som medlem av Los Angeles-bandet Keane (må ikkje forvekslast med det britiske bandet med same namn). Seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, spelte han i forskjellige band med musikarar som sidan starta Ratt.
I midten av 1985 vart den då 23 år gamle Shceff med i bandet Chicago etter at Peter Cetera slutta for å konsentrere seg om solokarrieren sin. Scheff var kjend for å klare å etterlikne stemma til Cetera på dei gamle hittane til Chicago. Den første singelen med vokalen hans er å høyre på 1986-versjonen av «25 or 6 to 4». Scheff har òg skrive fleire originale songar for bandet.
Scheff har òg gjeve ut album som soloartist, mellom anna Chauncy i 1996.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jason Scheff» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «Biography: Chicago». AMG. Henta 30. oktober 2015.