25 or 6 to 4
25 or 6 to 4 Singel av Chicago frå albumet Chicago | ||
B-side |
«Where Do We Go From Here» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1970 | |
Innspelt | August 1969 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, jazzfusion | |
Lengd | 4:50 (album) 2:53 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Robert Lamm | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
«Make Me Smile» / «Colour My World» (1970) |
25 or 6 to 4 | «Does Anybody Really Know What Time It Is?» (1970) |
-kronologi | ||
«Along Comes a Woman» (1985) |
25 or 6 to 4 | «Will You Still Love Me?» (1986)
|
«25 or 6 to 4», òg skrive «Twenty-Five Or Six To Four», er ein song skriven av den amerikanske musikaren Robert Lamm for Chicago. Han vart spelt inn for det andre albumet deira, Chicago i 1970, med Peter Cetera på solovokal. Songen vart redigert og gjeven ut som singel i juni det året og han nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista[1] og sjuandeplassen på UK Singles Chart. Songen har ein elektrisk gitarsolo med wah-wah-pedal av gitaristen Terry Kath, og har vore med på mange samlealbum av Chicago.
Ein oppdatert versjon av «25 or 6 to 4» vart spelt inn i 1986 for albumet Chicago 18 med James Pankow oppført som medlåtskrivar. Denne hadde det nye medlemmet Jason Scheff på solovokal. Versjonen vart òg gjeven ut på singel og nådde då 48. plassen i USA. Denne versjonen vart òg nytta som B-side for den neste singelen til bandet, «Will You Still Love Me?» i 1986.
Songen følgjer med videospelet Rock Band 3 og var òg mogeleg å laste ned i Rocksmith 2014.
Lister
endreVekeslister
endreListe (1970) | Plassering |
---|---|
Canada RPM [2] | 2 |
UK | 7 |
US Billboard Hot 100 | 4 |
Årslister
endreListe (1970) | Plassering |
---|---|
Canada | 29 |
UK [3] | 72 |
US Billboard Hot 100 [4] | 61 |
Andre versjonar
endreSongen er blitt spelt av fleire andre artistar, som Straitjacket, Local H, Robert Forster, Intruder, Bruce Foxton, The Moog Cookbook, Earth, Wind, and Fire, Paul Gilbert, Pacifika, Umphrey's McGee og Nick Ingman.
Medverkande
endre- Peter Cetera – solovokal, fuzzbass
- Terry Kath – korvokal, elektrisk gitar
- Robert Lamm – korvokal, Hohner Pianet elektrisk piano
- Danny Seraphine – trommer
- Jimmy Pankow – trombone
- Lee Loughnane – trompet
- Walt Parazaider – tenorsaksofon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «25 or 6 to 4» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chicago Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Top 100 1970 – UK Music Charts». Uk-charts.top-source.info. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970». Musicoutfitters.com. Henta 17. oktober 2015.