Red Callender
George Sylvester «Red» Callender (6. mars 1916–8. mars 1992) var ein USA-amerikansk kontrabassist og tubaist. Han er kanskje mest kjend som jazzmusikar, men arbeidde òg med pop- og rockeartistar som medlem av The Wrecking Crew, ei gruppe med faste studiomusikarar i Los Angeles.
Red Callender | |||
| |||
Fødd | 6. mars 1916 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Haynesville i Virginia i USA | ||
Død | 8. mars 1992 (76 år) | ||
Dødsstad | Saugus i California | ||
Fødenamn | George Sylvester Callender | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Kontrabass, tuba | ||
Tilknytte artistar | The Wrecking Crew | ||
Plateselskap | RCA | ||
Verka som | Musikar |
Tidleg i 1940-åra spelte Callender med Lester og Lee Young, og skipa så sin eigen trio. Seinare i 1940-åra spelte han med Nat King Cole, Erroll Garner, Charlie Parker, Wardell Gray, Dexter Gordon, Uffe Baadh og mange andre. Etter ein periode på Hawaii kom Callender attende til Los Angeles og vart ein av dei første svarte musikarane som arbeidde fast i eit kommersielt studio, og akkompagnerte mellom andre Linda Hayes på to songlar.
I 1957 vart albumet hans Speaks Low ein av dei første moderne jazzplatene for tubasoloistar. Seinare spelte han mellom anna med Art Tatum og Jo Jones (1955–1956) for The Tatum Group, og spelte med Charles Mingus i 1964 på Monterey Jazz Festival, og arbeidde i avantgarde-kvintetten til James Newton, og var fast medlem i Cheatham sitt Sweet Baby Blues Band.
Callender døydde av skjoldbruskkjertelkreft i heimen sin i Saugus i California.[1]
Diskografi
endreSom leiar
endre- 1956: Swingin' Suite (Modern)
- 1957: Red Callender Speaks Low (Crown)[2]
- 1958: The Lowest (MetroJazz)
- 1973: Basin Street Brass (Legend)
- 1984: Night Mist Blues (Hemisphere)
- ¿? : Red Callender Sextet & Fourtette[3]
Som sidemann
endreMed Louis Bellson
- Big Band Jazz from the Summit (Roulette, 1962)
With Judy Carmichael
- Pearls (Jazzology, 1985)
Med Benny Carter
- Cosmopolite (Norgran, 1954)
Med John Carter
- Dauwhe (Black Saint, 1982)
Med Buddy Collette
- Man of Many Parts (Contemporary, 1956)
- Porgy & Bess (Interlude 1957 [1959])
- Jazz Loves Paris (Speciality, 1958)
Med Maynard Ferguson
- Maynard Ferguson Octet (EmArcy, 1955)
Med Dizzy Gillespie
- The New Continent (Limelight, 1962)
Med Johnny Hodges
- In a Tender Mood (Norgran, 1952 [1955])
- The Blues (Norgran, 1952–54, [1955])
Med Paul Horn
- Plenty of Horn (Dot, 1958)
- Jazz Suite on the Mass Texts (RCA Victor, 1965) with Lalo Schifrin
Med Sam Cooke
- Twistin' the Night Away (RCA Victor, 1962)
- Mr. Soul (RCA Victor, 1963)
Med Plas Johnson
- This Must Be the Plas (Capitol Records, 1959)
Med B.B. King
- L.A. Midnight (ABC Records, 1972)
- Playin' Up a Storm (Capricorn Records, 1977)
Med Ry Cooder
- Paradise and Lunch (Reprise Records, 1974)
- Chicken Skin Music (Reprise Records, 1976)
- Jazz (Warner Bros. Records, 1978)
Med Donovan
- 7-Tease (Epic Records, 1974)
Med Mavis Rivers og Shorty Rogers
- Mavis Meets Shorty (Riverside, 1963)
Med Peggy Lee
- Jump for Joy (Capitol Records, 1959)
Med Betty Wright
- Wright Back At You (Epic Records, 1983)
Med Pete Rugolo
- Rugolo Plays Kenton (EmArcy, 1958)
- The Original Music of Thriller (Time, 1961)
Med Randy Newman
- Good Old Boys (Reprise Records, 1974)
Med Patti Austin
- The Real Me (Qwest Records, 1988)
Med Art Tatum og Ben Webster
- The Art Tatum - Ben Webster Quartet (Verve, 1956 [1958])
Med Gerald Wilson
- Calafia (Trend, 1985)
Med James Taylor
- In the Pocket (Rhino Records, 1976)
- JT (Columbia Records, 1977)
Med Rickie Lee Jones
- Rickie Lee Jones (Warner Bros. Records, 1979)
Med Maria Muldaur
- Waitress in a Donut Shop (Reprise Records, 1974)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Red Callender» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Red Callender Dies; Jazz Bassist Was 76». The New York Times. 11. mars 1992.
- ↑ «Crown Album Discography, Part 1 (1957-1959)». Bsnpubs.com. Henta 2. februar 2020.
- ↑ «Red Callender | Album Discography». AllMusic. Henta 2. februar 2020.