Jean-Claude Nallet (fødd 15. mars 1947) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Champdor i Ain-departementet. Han vart europameister i 400 meter hekk i 1971, to år etter han sprang Frankrike inn til gull i 4 x 400 m stafett under EM 1969. Han vann elles bronsen på 200 m ved EM 1966, sølv på 400 m ved EM 1969 og sølv i 400 m hekk i 1971.

Jean-Claude Nallet

Jean-Claude Nallet 1968.jpg

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. mars 1947
Champdor
Idrett friidrett
Yrke sprinter

AktivEndra

Nallet slo gjennom under europameisterskapen 1966 der han vann bronsemedaljen på 200 meter på tida 21,0, same tid som sølvmedaljøren og eit tidels sekund attom vinnaren, landsmannen Roger Bambuck. I den neste europameisterskapen, i 1969 i Aten, kneip Nallet andreplassen på 400 meter, like bak polske Jan Werner. Til sist i same meisterskapen var Nallet ankermann for Frankrike i 4 x 400 meter stafett. Han tok mot stafettpinnen som leiar og heldt unna for tre andre løparar som kom halsande like bak.

I juli 1970 forbetra Nallet i Colombes sin eigen franske rekord på 400 meter til fyrst 45,4 og deretter 45,1 sekundar. I mellom dei to rekord-forbetringane på 400 meter, sette han fransk rekord i 400 meter hekk med sterke 48,6, ei øving som åra framover vart spesialøvinga hans. Ved europameisterskapen 1971 i Helsinki vann han øvinga på tida 49,15 sekundar, framom Christian Rudolph frå Aust-Tyskland som fekk notert 49,34. Same året kåra sportsavisa L’Équipe Nallet til årets idrettsmann i Frankrike.

I 1974 vart Nallet andremann på langhekken ved EM i Roma, briten Alan Pascoe vann tevlinga på 48,82 sekundar. Nallet si tid 48,94 var fransk bestetid elektronisk, til dess Stéphane Diagana sletta den i 1990. Avslutningsdagen i Roma vann Nallet ein bronsemedalje med det franske laget i 4 x 400 m stafett. Under Sommar-OL 1976 hadde han bestetid av dei utøvarane som vart slått ut i semifinalane på langhekken. I EM 1978 vart han nummer seks i 400 meter hekk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje på 200 m – 21,0. Nr 4 i 4 x 400 m stafett
  • OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i semifinalane på 400 m (49,01=nr 15). Nr 8 i 4 x 400 m stafett
  • EM 1969 i Aten: Sølv på 400 meter – 45,81, og gull i 4 x 400 m stafett
  • EM 1971 i Helsinki: Gull i 400 m hekk – 49,15. Nr 6 i 4 x 400 m stafett
  • EM 1974 i Roma: Sølv i 400 meter hekk – 48,94, og bronse i 4 x 400 m stafett
  • OL 1976 i Montreal: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (50,08=nr 9)
  • EM 1978 i Praha: Nr 6 i 400 m hekk – 50,10

KjelderEndra