Jean-Pierre Papin

fransk fotballspelar

Jean-Pierre Roger Guillaume Papin (fødd 5. november 1963) er ein tidlegare fransk fotballspelar frå Boulogne-sur-Mer. Han spelte 54 landskampar for Frankrike og skåra tjuesju gonger. Han spelte for Frankrike i VM i 1986 og i EM i 1992. Han spelte for blant anna Girondins Bordeaux, Club Brugge, Olympique Marseille, FC Bayern München og AC Milan.

Jean-Pierre Papin
Jean Pierre Papin i 2016
Personleg informasjon
Fullt namn Jean-Pierre Roger Guillaume Papin
Fødd 5. november 1963 (60 år)
Fødestad Boulogne-sur-Mer i Frankrike
Høgd 176 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984—1985 Valenciennes 33 (15)
1985—1986 Club Brugge 31 (20)
1986—1992 Marseille 215 (134)
1992—1994 Milan 40 (18)
1994—1996 Bayern München 27 (3)
1996—1998 Bordeaux 55 (22)
1998—1999 Guingamp 10 (3)
1999—2001 Saint-Pierre (Réunion) 27 (13)
Totalt 438 (228)
Landslag
1986-1995 Frankrike 54 (27)
Trenar for
2004—2005 Bassin d'Archacon
2006—2007 Strasbourg
2007—2008 Lens
2009—2010 Châteauroux
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

 Merittar endre

  • Fransk ligameister: 1988, 1989, 1990, 1991 og 1992 med Marseille
  • Fransk cupmeister: 1989 med Marseille
  • Belgisk cupmeister: 1986 med Club Brugge
  • Italiensk ligameister: 1993 og 1994 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen: 1994 med AC Milan
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München