Jearl Miles Clark

Jearl Atawa Miles Clark (fødd 4. september 1966) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 400 meter i 1993 og elles var med å vinne tre VM- og to OL-gull i stafettevlingar. Over ein 14-årsperiode vann ho tre individuelle medaljar og ni stafettmedaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Jearl Miles Clark


Statsborgarskap USA
Fødd 4. september 1966 (57 år)
Gainesville i Florida
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Miles var med på USAs lag som vann sølv i 4 x 400 metter stafett både i VM 1991 og OL 1992. Under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart vann ho 400-meteren på med romsleg klaring til dei andre medaljevinnarane. Fem dagar seinare sprang Miles USA inn til gull også i 4 x 400 m stafett, saman med Gwen Torrence, Maicel Malone, Natasha Kaiser-Brown sette ho meisterskapsrekord med 3.16,7, 12-14 meter framom Russland på andreplassen.

Til VM 1995 i Göteborg kom Miles som tittelforsvarar, men var sjanselaus mot franske Marie-José Pérec, som vann ein suveren siger på 400 m, Miles måtte ta til takke med bronsen etter også å ha vorte slått av Pauline Davis med 0,04 sekund. Derimot forsvarte ho som ankerkvinne USA sitt i 4 x 400 m stafett, saman med eit elles heilt nytt mannskap; Kim Graham, Rochelle Stevens og Camara Jones. På USA-amerikansk heimebane i Atlanta var Miles ankerkvinne i 4 x 400 m stafett nok ein gong. Etter ei jamn tevling lukkast ho kaste seg i mål framom Nigeria og Tysklands ankerkvinner, Falilat Ogunkoya og Grit Breuer og sikre seg sin fyrste OL-triumf. Stevens, Malone og Graham sprang dei fyrste etappane for USA. I den individuelle øvinga over 400 m vart Miles nummer fem.

Den 14. juli 1997 sprang Miles Clark i Indianapolis sitt livs fortaste 400 meter, klokka inn på 49,40 sekundar. I friidretts-VM tre veker seinare brukte ho nøyaktig eit halvt sekund lengre tid på distansen, noko som gav henne bronsen, litt over eitt tidels sekund bak gullmedaljør Cathy Freeman og sølvvinnar Sandie Richards. Som ankerkvinne i 4 x 400 m stafett møtte Miles Clark tyske Grit Breuer i eit nytt drabeleg oppgjer om gullet, der Breuer fekk revansje og det USA-amerikanske laget måtte ta til takke med sølv. Også under VM 1999 i Sevilla måtte ankerkvinne Miles Clark gje tapt i kampen om stafettgullet, her var det Russlands Natalja Nazarova som braut målsnøret. Skilnaden mellom gull og sølv var nøyaktig den same som i 1997, 0,11 sekund. Tidlegare i Sevilla-VM vart Miles Clark nummer fire på 800 meter, med tida 1.57,40 var ho eit lite halvsekund unna bronsen, og nøyaktig eitt sekund bak sin personlege rekord på distansen, 1.56,40, oppnådd i Zürich to veker tidlegare.

Miles Clark tok seg av startetappen då USA i 2000 forsvarte den olympiske meistertittelen i 4 x 400 m stafett, saman med Monique Hennagan, Marion Jones og LaTasha Collander, Jones vart elles frådømd medaljen fleire år seinare. I 2003 var Miles Clark med å vinne sitt tredje VM-gull i 4 x 400 m stafett under meisterskapen i Paris, ved det høvet i lag med Me’Lisa Barber, Demetria Washington og ankerkvinne Sanya Richards. Straks før ho fylte 38 år deltok Miles Clark i sitt siste meisterskap og enda på sjetteplassen på 800 m under OL 2004 i Aten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1991 i Tokyo: Nr 5 på 400 m – 50,50. Sølv på 4 x 400 m stafett
  • OL 1992 i Barcelona: Sølv i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 400 m (50,57 =nr 9)
  • VM 1993 i Stuttgart: Gull på 400 m – 49,82, og i 4 x 400 m stafett
  • VM 1995 i Göteborg: Bronse på 400 m – 50,00. Gull i 4 x 400 m stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Gull i 4 x 400 m stafett. Nr 5 på 400 m – 49,55
  • VM 1997 i Aten: Bronse på 400 m – 49,90, sølv i 4 x 400 m stafett
  • VM 1999 i Sevilla: Sølv i 4 x 400 m stafett. Nr 4 på 800 m – 1.57,40
  • OL 2000 i Sydney: Gull i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 800 m (1.59,44 =nr 10)
  • VM 2001 i Edmonton: Nr 4 i 4 x 400 m stafett
  • VM 2003 i Paris: Gull i 4 x 400 m stafett. Utslått i forsøket på 800 m (2.04,21 =nr 27)
  • OL 2004 i Aten: Nr 6 på 800 m – 1.57,27

Kjelder endre