Jeff «Tain» Watts
amerikansk musikar og trommeslagar
Jeff «Tain» Watts (fødd 20. januar 1960) er ein amerikansk trommeslagar.
Jeff «Tain» Watts | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 20. januar 1960 (64 år) Pittsburgh |
Yrke | jazzmusikar |
Nettstad | http://tainish.com |
Jeff «Tain» Watts på Commons |
Watts vart først kjend som trommeslagar i Wynton Marsalis sitt band i 1980-åra. Spelestilen hans var påverka av trommeslagarar som Tony Williams og Elvin Jones, og han spelte ei viktig rolle i å knyte Marsalis musikk opp til dei klassiske innspelingane Miles Davis gjorde i 1960-åra. Han har seinare spelt med mellom andre Branford Marsalis, Betty Carter og McCoy Tyner. Han har også gjeve ut fire plater som bandleiar.
Diskografi
endre- Megawatts (2004, innspelt i 1991)
- Citizen Tain (1999)
- Bar Talk (2002)
- DeTAINed at the Blue Note (2004)
Bakgrunnsstoff
endre- All About Jazz Arkivert 2006-11-27 ved Wayback Machine. - intervju