Opna hovudmenyen

Jelena Nikolajevna Romanova, fødd Malikhina, (20. mars 196328. januar 2007) var ein friidrettsutøvar frå Nesjenskoje i Voronezj oblast som representerte Sovjetunionen og seinare Russland på mellom- og langdistansane. Ho vart europameister på 3 000 meter i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter i 1992.

Jelena Romanova
Yelena Romanova.jpg
Fødd 20. mars 1963
Voronezj
Død

28. januar 2007
Volgograd

Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar

AktivEndra

Romanovas fyrste internasjonale meisterskap var VM 1987 i Roma der ho vart nummer fem på 5 000 meter og braut 10 000 meter. I Sommar-OL 1988 i Seoul kom ho på fjerdeplass på 3 000 meter med tida 8.30,4, hennar personlege rekord på distansen.

Romanova tok steget heilt til topp ved EM 1990 i Split, då ho vann milløpet på personbeste 31.46,8, og tok sølvmedaljen på 3 000 meter. Også under VM 1991 i Tokyo sprang ho inn til sølv på 3 000 meter, bak landskvinna Tatjana Samolenko. Året etter var rollene omsnudd ved OL 1992 i Barcelona, i finalen slo ho Samolenko i spurten og vann gullmedaljen. Seinare vart Romanova nummer seks både på 3 000 m ved VM 1993 i Stuttgart, og på 5 000-meteren under OL 1996 i Atlanta.

Romanova vart funnen død i husværet sitt i Volgograd i januar 2007.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra