59°8′50″N 11°15′4″E / 59.14722°N 11.25111°E / 59.14722; 11.25111

Jellhaugen er òg ein haug 4 km nordvest av Røros sentrum.
Jellhaugen er ein ni meter høg gravhaug i Halden kommune, seks km nord for Svinesund. På jordet like nord for haugen (som strekker seg ut over høgre bildekant) vart det ved hjelp av georadar i 2018 oppdaga hustufter og nedpløygde gravhaugar. I ein av dei største gravene ligg Jellestadskipet, restane av eit vikingskip.[1] Skipet vil bli gravd fram.
Foto: Tore Schrøder, 2011

Jellhaugen er ein stor gravhaugGjellestad i Berg i Halden kommune i Østfold fylke. Han er ni meter høg og har eit ovalt grunnplan på ca. 85 x 70 meter, noko som truleg gjer han til den nest største gravhaugen i Norden (Raknehaugen ved Jessheim er noko større i grunnplan, og monaleg høgare). Haugen er eit dominerande innslag på den elles ganske flate Viksletta, og han er lett synleg frå E6, på austsida av vegen ca. seks km nord for Svinesund, og ein snau kilometer sør for kommunegrensa langs E6.

Etter tradisjonen på staden skal haugen vere reist over ein «kong Jell» og skipet hans, men slike segner er som regel av nyare dato og er sjeldan av verdi for utforskinga av desse haugane. Haugen er langt frå fullstendig arkeologisk undersøkt, men i 1968 og 1969 fekk arkeologen Erling Johansen grove ei søkesjakt inn mot midten av haugen.[2] Her fann han ei kjernerøys midt inne i haugen, og i denne var det spor av ei ganske enkel branngrav med mellom anna ei ravperle. Grava er karbondatert til mellom 426 og 598 e.Kr., det vil seie i overgangen mellom folkevandringstid og merovingartid. Johansen fann òg spor av ei gravplyndring som òg er datert. Der slo prøva ut på 692–896 e.Kr. Det er difor ikkje korrekt å datere haugen til vikingtid, og han rommar heller ikkje noka skipsgrav.

Ved undersøkinga kom det òg fram at haugen er bygd av grastorv og matjord. Johansen sitt eige estimat er at haugen rommar ca. 20 000 m³ masse, og dersom alt dette er henta frå området rundt haugen, og ein har gravd ned til ein meters djupde i gjennomsnitt, vil det seie at ein har reinska ca. 20 dekar. Det tilsvarar tre fotballbaner, og dette vitnar om at berre bygginga av haugen har vore eit stort arbeid. Johansen meinte sjølv at det måtte vere tale om ca. 100 årsverk, men dette må etter alt å dømme reknast som eit minimumsanslag. Det vart løyvd midlar til utgraving av vikingskipet i 2020.

Gjellestadskipet endre

På ein pressekonferanse arrangert av Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) den 15. oktober 2018 vart det gjort kjent at undersøkingar med georadar på området like nord for haugen hadde avslørt nye funn.[3][4] Mellom desse var fleire gravhaugar (som i ettertida har blitt jamna med jorda), hustufter, og ikkje minst ei skipsgrav som inneheldt restar av eit større vikingskip. Nye undersøkingar heldt fram i 2018 og 2019,[5] for å avgjere framgangsmåten for å avdekke dette vikingskipet, som i storleik likna dei tre kjente funna Osebergskipet, Gokstadskipet og Tuneskipet. Det nye funnet låg på dyrka mark, og over tid har den opphavlege haugen blitt jamna med jorda ved pløying og kultivering. Dei påviste restane av «Gjellestadskipet» ligg difor bare frå 0,4 til 2 meter under jordoverflata, noko som diverre kan ha ført til at mykje av treverket kan ha blitt øydelagt av pløying, eller har rotna bort.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) om GJellestadskipet 2018
  2. Pedersen, Ellen Anne (2003). Øst for Folden. Østfold fylkeskommune. s. 299-320. ISBN 8291932131. 
  3. Vikingeskipsfunn: Dagbladet 15-10-2018
  4. Pressemelding frå NIKU og Østfold fylkeskommune oktober 2018 om vikingskipsfunn i Østfold
  5. TV2 (nettutg. jan. 2019): Nå skal vi endelig få svaret ...

Bakgrunnsstoff endre

  • Jellhaugen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren