For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dominikanarordenen.

Dominikanarar (spansk Dominicanos) er folk frå Den dominikanske republikken. Dei fleste dominikanarar bur i Den dominikanske republikken på Hispaniola, men det finst òg ein stor dominikansk diaspora i USA, Puerto Rico og Spania. I 2007 var folketalet i Den dominikanske republikken rekna til 9 760 000 av Dei sameinte nasjonane.[1] Ved folketeljinga i 2009 rekna 1,414,703 innbyggjarar i USA seg som dominikanarar.

Skuleklasse i Santo Domingo.

Dei fleste dominikanarar stammar frå ulike etniske grupper, hovudsakleg afrikanarar, europearar og karibiske tainoar. Nyare innvandrargrupper er haitiarar frå Haiti vest på Hispaniola, arabarar frå Midtausten, særleg Libanon, Syria og Palestina, og ei mindre gruppe austasiatar.

Flesteparten av dominkanarar er spansktalande. Dominikansk spansk liknar spanske variantar frå Puerto Rico, Cuba, Panama, Venezuela, Kanariøyane og Andalucia. Det har fleire eldre språkformer enn dagens spansk frå Spania, og fonologi, syntaks og til ein viss grad ordforrådet er påverka av afrikanske språk. I Den dominikanske republikken blir det òg snakka haitisk og samaná-engelsk.

95,2 % av dominikanarar er kristne, og 88,6 % er katolikkar. 4,2 % er protestantar medan 2,2 % er spiritistar og 1,0 % er mormonarar.

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. «World Population Prospects: The 2006 Revision, Highlights, Working Paper No. ESA/P/WP.202.» (PDF). United Nations, Department of Economic and Social Affairs, Population Division. 2007. Henta 13. januar 2008.  (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dominikanarar