Jens Aars

prest og politikar

Jens Aars (1. oktober 177927. mars 1834) var ein norsk prest, hoffpredikant og stortingsmann.

Jens Aars
Jacob Munch - Flateby i Enebakk - Oslo Museum - OB.01042.jpg
Fødd 1. oktober 1780
Død

17. mars 1834 (53 år)

Yrke prest, politikar

Aars som var frå Christiania var elev ved latinskulen i heimbyen, gjekk ut frå skulen som student i 1796. Han tok teologisk embetseksamen i 1801 med laud. År 1804 vart han residerande kapellan til Rødøy, i 1806 vikarprest i Enebakk. Frå 1817 var han sokneprest i Hadsel. I 1821 vart han utnemnd til sokneprest i Lier og i 1827 til hoffpredikant.

Aars representerte Nordlandenes amtStortinget i 1821, og på det overordentlege storting året etter. I 1821 var han medlem av ni komitear. Han var medlem av Stortingets deputasjon til Stockholm i 1823. På tinget høyrde han opphavleg til opposisjonen, men ettersom han hadde søkt Lier soknekall modererte han synspunkta i retning kongen.

Aars var mellom valmennene i Akershus til det overordentlege storting 1814, og til stortingsvala 1824 og 1827 for Buskerud amt. Alle tre gongane hamna han på 2. eller 3. varamannsplass.

I 1832 vart han geistleg medlem av Vasaordenen.

Han døydde på Frogner prestegard i Lier.

KjelderEndra