Jens Evensen
Jens Ingebret Evensen (5. november 1917–15. februar 2004) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, diplomat, jurist, høgsterettsadvokat og domar innan folkerett ved folkerettsdomstolen i Haag.
Jens Evensen | |||
| |||
Fødd | 5. november 1917 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 15. februar 2004 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Utdanna ved | Harvard Law School Harvard University Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Folkerettsinstituttet | ||
Alle verv |
Karriere
endreI den fyrste tida med petroleumsverksemd i Noreg var han sentral i utarbeiding av reglar for verksemd på norsk kontinentalsokkel. Evensen forhandla fram Noreg si handelsavtale med EF i 1972.
Jens Evensen var deretter statsråd i Trygve Bratteli si andre regjering og Odvar Nordli si regjering.
Han var først sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet, 16. oktober 1973-27. september 1974. Han vart deretter statsråd for Havrett og fiskerigrenser, 27. september 1974-15. januar 1976 i Trygve Bratteli si andre regjering, og heldt deretter fram i same verv i Odvar Nordli si regjering fram til 1. januar 1979.
«Gråsone»-avtala», mellom Noreg og Sovjetunionen om eit område i Barentshavet, var òg mykje hans verk.
"En av Evensens nærmeste og viktigste støttespillere i politikken var Arne Treholt", skreiv media.[1] Han var "statssekretær for ... Evensen da han ble havrettsminister fra 1976 til 1978", skreiv Store Norske Leksikon.[2] Treholt vart "i 1985 ... dømt for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Treholt-saken forble en åpent sår i Evensens liv, og de to ble aldri forsonet", skreiv Dagsavisen.[1]
Utmerkingar
endre- Evensen vart utnemnd til kommandør av Krossen av St. Olavs Orden.
- I 1982 vart Evensen tildelt Peer Gynt-prisen
Litteratur
endre- Berit Ruud Retzer: Jens Evensen : makten, myten og mennesket : en uautorisert biografi, Oslo 1999. ISBN 82-995068-0-8, http://www.berit1.com