Jens Henrik Beer
Jens Henrik Beer (11. juni 1799–22. juni 1881) var ein norsk skipsreiar, kjøpmann, gardbrukar og stortingsmann frå Flekkefjord.
Jens Henrik Beer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juni 1799 Flekkefjord kommune |
Død |
22. juni 1881 (82 år) |
Yrke | skribent, politikar, bonde, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Beer var son til ein skipsreiar. Sjølv gjekk han på skule i Bergen og seinare i England. Etter ei kort tid som tilsett i Wollert Konow si forretning i Bergen, busette han seg i 1821 i fødebyen Flekkefjord og vart skipsreiar og sagbrukseigar. I 1839 starta han opp eit brennevinsbrenneri og ølbryggeri.
Beer representerte Lister og Mandals amt på Stortinget i 1836, permittert frå 8. mai grunna sjukdom. Han var tilbake i hovudstaden og deltok på omframtstortinget 1836-37. På den ordinære tingsamlinga var han sekretær i tollkomiteen, medan han på omframttinget var medlem av «bevilgningskomiteen».
I 1832 kjøpte Beer eit større, udyrka landareal ved Fedafjorden. Her bygde han frå grunnen garden Øye i Kvinesdal og dyrka 400 dekar jord, der det før var lyng og myr, ved hjelp av ein jordbrukskyndig skotte. Slik vart han den fremste føregangsmannen i landbruket i amtet. I 1854 avslutta han handelsverksemda i Flekkefjord og busette seg på garden i Kvinesdal, der han døydde 82 år gammal.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914