Käärijä
Jere Pöyhönen (fødd 21. oktober 1993 i Helsingfors), kjend under artistnamnet Käärijä (uttalast [ˈkæːrijæ]), er ein finsk rappar, songar og låtskrivar. I 2020 gav han ut debutalbumet Fantastista, og i 2023 vann han den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu med låten «Cha cha cha». Han representerte Finland med same låt i Eurovision Song Contest 2023, der han blei nummer to.
Käärijä | |||
| |||
Fødd | 21. oktober 1993 (31 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Helsingfors | ||
Fødenamn | Jere Pöyhönen | ||
Alias | Käärijä | ||
Opphav | Finland | ||
Aktiv | 2016– | ||
Sjanger | pop rap, elektronisk musikk, synthpop, rap metal, punk-rap | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Monsp Records | ||
Verka som | rappar, songar, låtskrivar, ishockeyspelar | ||
Prisar | MTV Europe Music Award for Best Nordic Act |
Bakgrunn
endrePöyhönen vaks opp i Ruskeasanta-området i Vanda i Hovudstadsregionen. Han oppdaga sin lidenskap for musikk då han lærte seg trommer som tenåring, og byrja med rapping med Eminem, Steen1 og Gorillaz som førebilete.[1]
Pöyhönen byrja å produsere eigen musikk i 2014 og gav ut musikk på eige forlag fram til 2017 då han fekk platekontrakt med Monsp Records. Han gav ut dobbeltsingelen «Koppi tules» / «Nou roblem».[1] Året etter gav han ut EP-en Peliä. I 2020 slapp han debutalbumet Fantastista.[2]
Pöyhönen valde artistnamnet Käärijä (norsk: innpakning), etter ein spøk med kompisane om gambling – eit gjennomgåande tema i tekstene hans.[3]
I januar 2023 blei Käärijä kunngjord som ein av sju deltakarar i den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 2023, der vinnaren fekk representere Finland i Eurovision Song Contest 2023.[4][5] Han deltok med låten «Cha cha cha», som han har skrive med Aleksi Nurmi og Johannes Naukkarinen, og låten blei gjeven ut 18. januar. Under finalen laurdag 25. februar vann han både jury- og telefonavrøystinga, og han fekk dimed representere Finland i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai 2023.[6]
I Eurovision Song Contest 2023 var Käärijä siste deltakar ut i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai. Han vann semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 13. mai.[7] I finalen blei han nummer to, bak Loreen frå Sverige. Finland vann telefonavrøystinga, og andreplassen er den nest beste plasseringa til Finland gjennom tidene, kun slått av sigeren med Lordi i 2006.
Diskografi
endreEP-ar
endre- 2018 – Peliä
Studioalbum
endreTittel | Detaljar | Høgaste listeplassering |
---|---|---|
FIN [8] | ||
Fantastista |
|
50 |
Singlar
endreTittel | År | Høgaste listeplassering |
Album |
---|---|---|---|
FIN [8] | |||
«Heila» (med Urho Ghettonen) | 2016 | — | Ikkje frå album |
«Urheilujätkä» (med Jeskiedes) | — | ||
«Puun takaa» | — | ||
«Tuuliviiri» | 2017 | — | |
«Ajoa» | — | ||
«Koppi tules» / «Nou roblem» | — | ||
«Klo23» | 2018 | — | Peliä |
«Puuta heinää» | — | ||
«Viulunkieli» | — | Fantastista | |
«Rock rock» | 2019 | — | |
«Hirttää kiinni» | — | ||
«Mic mac» | — | ||
«Paidaton riehuja» | 2020 | — | Ikkje frå album |
«Menestynyt yksilö» | 2021 | — | |
«Siitä viis» | — | ||
«Välikuolema» | 2022 | — | |
«Cha cha cha» | 2023 | 1 | |
«It’s Crazy, It’s Party» (med Tommy Cash) | — |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Penttinen, Henri (16. juni 2022). «Vantaalaislähtöinenräppäri Jere Pöyhönen, 28, päätti urastaan sairaalassa toipuessaan – "Otan takin pois keikan alussa ja alan riehumaan"». Vantaan Sanomat (på finsk). Henta 26. februar 2023.
- ↑ warnermusiclive (17. februar 2020). «TAVALLINENARJEN MIES KÄÄRIJÄ JULKAISI FANTASTISEN DEBYYTTIALBUMINSA». Warner Music Finland (på finsk). Henta 26. februar 2023.
- ↑ «”Koko ajan kehitytään, muttei unohdeta miksi tätä musaa tehdään” – Haastattelussa Käärijä, joka ei halua vakavoitua liikaa». Rumba.fi (på finsk). 18. juni 2020. Henta 26. februar 2023.
- ↑ Grace, Emily (11. januar 2023). «Finland: Uuden Musiikin Kilpailu 2023 Participants Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 26. februar 2023.
- ↑ «Päräyttävälläshow'lla kansan sekoittanut ennakkosuosikki Käärijä Suomen euroviisuedustajaksi – katso jännittävän illan parhaat palat». yle.fi (på finsk). Henta 26. februar 2023.
- ↑ «Finlandsend Käärijä to Liverpool with 'Cha Cha Cha'». eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2023. Henta 26. februar 2023.
- ↑ «Eurovision2023: The First Semi-Final Qualifiers». eurovision.tv (på engelsk). 9. mai 2023. Henta 10. mai 2023.
- ↑ 8,0 8,1 «Käärijä». Musiikkituottajat (på finsk). Henta 30. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Käärijä» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2023.