Jeremy Mathew Wariner (fødd 31. januar 1984) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Irving i Texas. Han vart olympisk meister på 400 meter under Sommar-OL 2004 og vart verdsmeister på same distansen både i 2005 og 2007. Frå 2004 til 2009 vann han fem gullmedaljar i 4 x 400 m stafett med USA sitt mannskap, to i olympiske leikar (2004 og 2008) og tre i verdsmeisterskap i friidrett (2005, 2007 og 2009).

Jeremy Wariner


Statsborgarskap USA
Fødd 31. januar 1984 (40 år)
Irving i Texas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aktiv endre

Wariner slo gjennom i 2004-sesongen. Under dei olympiske sommarleikane i Aten vann han gull på såvel 400 meter som i 4 x 400 meter stafett. I finalen på 400 meter sette han personleg rekord med tida 44,00. Året etter kopierte Wariner prestasjonane i Aten ved VM i Helsinki og sigra både på 400 meter og i stafett. Også ved det høvet forbetra han den personlege rekorden på 400 meter, då til 43,93. I 2006 var han med på å dele fyrstepremien i Gyllen-serien (Golden League). Han vann også den etterfylgjande IAAF-finalen i Roma på nytt personbeste, 43,62 sekundar.

I friidretts-VM 2007 lukkast Wariner å forsvare meistertittelen både på 400 meter og i stafett. Vinnartida 43,45 var ikkje berre ny personleg rekord, men førte han opp på tredjeplass på 400-meterstatistikken. Einast verdsrekordhaldar Michael Johnson og den tidlegare verdsrekordhaldaren Butch Reynolds hadde sprunge snøggare.

I 2008 vann Wariner fire av fem tevlingar i Gyllen-serien, men hamna likevel litt i skuggen av landsmannen LaShawn Merritt. Han tapte for Merritt både ved det avsluttande IAAF-stemnet i Berlin, og i OL-finalen i Bejing. I Beijing sprang Merritt nesten eitt sekund fortare, 43,75 sekundar mot Wariners 44,74. Begge to var, saman med David Neville og den olympiske meisteren på 400 meter hekk, Angelo Taylor, med i stafettlaget som på 4 x 400 meter vann gull på ny olympisk rekord, 2.55,39.

Også i VM 2009 stod gullstriden på 400 meter mellom Wariner og Merritt. Nett som i OL året i førevegen, var det Merritt som vann gullet medan Wariner vart andremann. Den siste konkurransedagen vart begge verdsmeistrar i stafett over 4 x 400 meter, og Wariner vann sitt femte VM-gull.

Wariner var med i OL-troppa til London i 2012, men ein skade gjorde at han trekte seg frå stafettlaget. Skadar førte også til at han var sjanselaus å kvalifisere seg til friidretts-VM 2013 og Sommar-OL 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 2004 i Aten: Gullmedaljar på 400 m - 44,00, og 4 x 400 m stafett (2.55,9)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedaljar på 400 m – 43,93, og 4 x 400 m stafett (2.56,9)
  • VM 2007 i Osaka: Gullmedaljar på 400 m – 43,45, og 4 x 400 m stafett (2.55,5)
  • OL 2008 i Beijing: Sølv på 400 m – 44,74, og gull på 4 x 400 m stafett (2.55,3)
  • VM 2009 i Berlin: Sølv på 400 m – 44,60, og gull på 4 x 400 m stafett (2.57,8)

Kjelder endre