Jeriko guvernement

Jeriko guvernement (arabisk محافظة أريحا, Muḥāfaẓat Arīḥā; hebraisk נפת יריחו, Nafat Yeriḥo) er eit av 16 guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta (administrative distrikt) i Dei palestinske territoria. Det ligg aust på Vestbreidda, langs nordsida av Daudehavet og den sørlege Jordandalen ved grensa til Jordan. Guvernementet strekkjer seg vestover til fjella aust for Ramallah og austsida av Jerusalem, inkludert dei nordlege områda av Judeaørkenen. Folkesetnaden i Jeriko guvernement er estimert til å vere 31 501, av dette kring 6 000 palestinske flyktningar i leirar.[1]

Jeriko guvernement
guvernement
Land  Dei palestinske territoria
Region Vestbreidda
Distriktshovudstad Jeriko
Koordinatar 32°01′29.72″N 35°26′43.73″E / 32.0249222°N 35.4454806°E / 32.0249222; 35.4454806
Folketal 31 501
Kart
Jeriko guvernement
32°01′30″N 35°26′44″E / 32.024922°N 35.445481°E / 32.024922; 35.445481
Wikimedia Commons: Jericho Governorate

Jordbruk er viktig for økonomien i området, særleg i dalen nær Jeriko, som er distriktshovudstad. Jeriko er ofte rekna som den eldste, kontinuerleg busette byen i verda og har mange arkeologiske stader og turistmål.

Elishiaparken er ein oase i Jeriko distrikt med mange frukthagar, palmer og bananplantasjar.[2]

Stader endre

Byar endre

Kommunar endre

Landsbyar endre

Flyktningleirar endre

Kjelder endre

  1. «The Administrative Divisions of guvernement (Jeriko)». Palestinian National Information Centre – Den palestinske sjølvstyresmakta. Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 18. september 2015. 
  2. «Laureates 1999». World Heritage Centre.