Jerrod Niemann

Jerrod Lee Niemann (fødd 24. juli 1979) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar.

Jerrod Niemann
Jerrod.jpg
Fødd24. juli 1979 (41 år)[1]
FødestadHarper
FødenamnJerrod Lee Niemann
OpphavLiberal i Kansas i USA
AktivSidan 1999
SjangerCountry
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarLee Brice
Plateselskap
Verka somSongar-låtskrivar

Niemann gav ut debutalbumet sitt, Judge Jerrod & the Hung Jury, i 2010. Han har etter kvart hatt minst ti topp 40-singlar på Hot Country Songs- og Country Airplay-listene, mellom andre «Lover, Lover» og «Drink to That All Night», som begge gjekk heilt til topps.

Han har skrive tre songar for Garth Brooks, mellom andre hitten «Good Ride Cowboy». Andre artistar som har spelt songane til Niemann er mellom andre Jamey Johnson, Lee Brice, Blake Shelton, Colbie Caillat, Diamond Rio, The Cadillac Three, Mark Chesnutt, John Anderson, Neal McCoy, Christian Kane og Julie Roberts. Niemann var gjesteartist på The Doobie Brothers-albumet Southbound i 2014.

DiskografiEndra

Studioalbum

KjelderEndra

  1. Mullins, Moon. «Jerrod Niemann, Pam Tillis Celebrate Birthdays — Today July 24 [Video]». Wbkr.com. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Jerrod Niemann