Jerv
Jerv
Jerv
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av jerv
Utbreiinga av jerv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Musteloidea
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Underfamilie: Guloninae
Slekt: Gulo
Art: Jerv G. gulo
Vitskapleg namn
Gulo gulo

Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg. Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.[2]

Jerven, som kan ha ein masse på opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Bitet er kraftig slik at den kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.

Om vinteren er jerven si hovudføde rein, men sidan han ikkje er nokon god jeger er jerven avhengig av åtsel og det vinterlageret han har lagt seg opp. Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.

Raudlistevurdering endre

Jerv (Gulo gulo) blir vurdert som sterkt truga EN fordi det er få reproduserande individ i Noreg[1]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av jerv Gulo gulo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jerv