Jevgeni Ossinovski

Jevgeni Ossinovski (fødd 15. mars 1986 i Kohtla-Järve) er ein estisk politikar, som frå 14. april 2024 er borgarmeister i Tallinn. Han representerer Det sosialdemokratiske partiet.

Jevgeni Ossinovski

Fødd15. mars 1986 (38 år)
Kohtla-Järve
Statsborgar avEstland
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
University of Warwick
London School of Economics
FarOleg Ossinovski
EktefelleTriinu Ossinovski
Alle verv
  • Estlands utdannings- og forskningsminister (2014–2015)
  • Estlands helse- og arbeidsminister (2015–2018)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2015–2015)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2011–2014)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2018–)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2019–2022)
  • Tallinns borgermester (2024–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Ossinovski er tospråkleg estisk og russisk, og han har som politikar ønskt å dempe etniske spenningar i Estland. Han er son av den russiskfødde forretningsmannen Oleg Ossinovski, som er estisk statsborgar og ein av dei rikaste personane i landet. Mora, Irina, er halvt russisk og estisk.[1][2][3]

Ossinovski har bachelorgrad i filosofi frå Universitetet i Tartu, mastergrad i filosofi frå University of Warwick og mastergrad i statsvitskap frå London School of Economics. Han mottok æresutmerkingar (laud) for begge masteroppgåvene sine.[4]

I 2011 blei Ossinovski vald inn i den estiske riksdagen, Riigikogu, frå Ida-Viru fylke. I 2013 blei han også vald inn i bystyret i Narva.[4]

Ossinovski var utdannings- og forskingsminister frå 2014 til 2015 og arbeids- og helseminister frå 2015 til 2018.[4] Han var også leiar for Det sosialdemokratiske partiet frå 2015 til 2019.[5]

Ossinovski blei vald inn i bystyret i Tallinn i 2017, og i 2022 blei han friteken frå vervet i Riigikogu for å ivaretake dei kommunalpolitiske oppgåvene sine.[6] I 2024 støtta sosialdemokratane eit mistillitsvotum mot borgarmeister Mihhail Kõlvart, som følgje av ei korrupsjonssak, og Ossinovski blei vald til ny borgarmeister.[7]

Kjelder endre

  1. Pullerits, Priit (27. mars 2011). «Mees, kes teab viha ravi retsepti». Postimees (på estisk). Henta 15. april 2024. 
  2. Pullerits, Priit (10. november 2013). «Jevgeni Ossinovski, Ansipi mantlipärija?». Postimees (på estisk). Henta 15. april 2024. 
  3. «Finance Minister Brings Up Ethnicity in Sparring With Education Minister, Opening Old Wounds» (på engelsk). ERR. 23. oktober 2024. Henta 15. april 2024. «Ossinovski is the son of Oleg Ossinovski, a naturalized citizen who is one of the country's richest men. Ossinovski also has roots in Estonia through his mother. He is equally fluent in Russian and Estonian and his loyalty is almost universally considered above reproach.» 
  4. 4,0 4,1 4,2 Pärgma, Piret (red.) (2021). 101 Biographies: The 14th Riigikogu: February 15, 2021 (PDF) (på engelsk). Riigikogus kanselli. ISSN 2674-3205. 
  5. «Jevgeni Ossinovski standing down as SDE leader» (på engelsk). ERR. 29. april 2019. Henta 15. april 2024. 
  6. «SDE leader: Ossinovski likely to run in next year's Riigikogu elections» (på engelsk). ERR. 1. april 2022. Henta 15. april 2024. 
  7. «Gallery: City council elects Jevgeni Ossinovski new mayor of Tallinn» (på engelsk). ERR. 14. april 2024. Henta 15. april 2024.