Mistillitsframlegg

(Omdirigert frå Mistillitsvotum)

Mistillitsframlegg er i eit parlamentarisk demokrati den retten fleirtalet i nasjonalforsamlinga har til å freista setja av regjeringa. Eit mistillitsframlegg går ut på at nasjonalforsamlinga får høve til å røysta over i eit mistillitsvotum om den regjeringa som sit har deira tillit til å halda fram eller ei. Det finst to slag mistillitsframlegg: Negativt og positivt mistillitsframlegg.

Eit negativt mistillitsframlegg krev fleirtal i nasjonalforsamlinga for at regjeringa skal gå av, utan at nasjonalforsamlinga har noko ansvar for å koma opp med eitt nytt styringsført regjeringsalternativ. Dette er den ordninga me har i Noreg. Slike mistillitsframlegg har felt norske regjeringar ved tre høve: den aller første arbeidarparti-regjeringa, regjeringa Hornsrud, vart felt ved mistillit på regjeringsfråsegna i 1928, medan Gerhardsen si tredje regjering (AP) vart felt ved mistillit i samband med Kings Bay-saka i 1963 og Regjeringa Lyng, som avløyste Gerhardsen si tredje regjering, vart felt ved mistillit allereie same år.

Eit positivt mistillitsframlegg går ut på at nasjonalforsamlinga berre kan fella regjeringa ved å røysta inn eit anna regjeringsalternativ. Denne ordninga finn me til dømes i Tyskland. Bundestag røystar ikkje mot den sitjande kanslaren og hans regjering som ved negativt mistillitsframlegg, men snarare for ei anna regjering.

Statsministrar som har gått av på mistillitsframleggEndra

Australia

Canada

Danmark

Frankrike

Tyskland

India

Israel

Italia

Japan

Noreg

Ukraina

Storbritannia

Vanuatu

Sjå ogsåEndra