Mihhail Kõlvart (fødd 24. november 1977) er ein estisk politikar, som er leiar for Det estiske senterpartiet. Han var borgarmeister i Tallinn frå 2019 til 2024.

Mihhail Kõlvart

Fødd24. november 1977 (46 år)
Kyzylorda
Statsborgar avEstland
PartiEesti Keskerakond (2008)
Yrkepolitikar, trenar, offentlig person, ordførar
Utdanna vedHøyskolen «I Studium»
EktefelleAnastassia Kovalenko
VervBorgarmeister i Tallinn 11. april 2019–26. mars 2024
FøregangarTaavi Aas
EtterfylgjarJevgeni Ossinovski[1]
Alle verv
  • medlem av det estiske Riigikogu (2015–2015)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2011–2011)
  • Tallinns borgermester (2019–2024)
  • Deputy Mayor of Tallinn (2011–2017) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Kõlvart har estisk far og koreansk mor, og foreldra møtte kvarandre i sovjettida, då dei studerte ved Statsuniversitetet i Moskva. Han blei fødd i Den kasakhiske sosialistiske sovjetrepublikken, der familien til mora, saman med andre koreanske flyktningar i Russisk fjerne austen, hadde blitt deporterte. Då han var tre år gammal, flytta familien til Tallinn. Dei hadde russisk som heimespråk, og han er russisk-ortodoks kristen.[2][3]

Kõlvart har, som sin far, vore aktiv som utøvar, trenar og forbundsleiar innan taekwondo i Estland.[4]

Kõlvart er utdanna jurist med spesialisering i forretningsjus. Han har vore advokat og høgskulelektor.[4]

Kõlvart begynte som bydelspolitikar i den russiskdominerte Lasnamäe i Tallinn for Det sosialdemokratiske partiet, men gjekk i 2008 over til Det estiske senterpartiet. Han blei formann i byrådet i Tallinn i 2017 og borgarmeister i 2019. Han har også vore medlem av Riigikogu i flere periodar.[4] I 2024 blei han felt som borgarmeister ved et mistillitsvotum, som følgje av ei korrupsjonssak.[5][6]

Kõlvart blir rekna til den russiskvennlege delen av Det estiske senterpartiet. I 2023 vann Kõlvart partileiarvalet mot Tanel Kiik, som var støtta av avtroppande partileiar Jüri Ratas. Det førte til at mange av medlemmane av partiet i Riigikogu melde seg ut.[6][7]

Kjelder endre

  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Kivi, Irene (17. oktober 2017). «Kas teadsid, kes on suurima häältesaagi saanud Mihhail Kõlvart juurtelt?» (på estisk). Elu24. Henta 6. mars 2023. 
  3. Laugen, Lauri (13. september 2019). «Kõlvart: venekeelsete sunniviisiline assimileerimine kahjustab kogu ühiskonda» (på estisk). Delfi. Henta 6. mars 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Linnapea Mihhail Kõlvart CV» (på estisk). Tallinn bykommune. Henta 6. mars 2023. 
  5. «Motion of no confidence in Mihhail Kõlvart as Tallinn mayor passes vote» (på engelsk). ERR. 26. mars 2024. Henta 14. april 2024. 
  6. 6,0 6,1 Kramer, Samuel (10. april 2024). «Without Tallinn, What Would the Future Hold for Estonia’s Center Party?» (på engelsk). Foreign Policy Research Institute. Henta 14. april 2024. 
  7. Kramer, Samuel (10. oktober 2023). «Doubling Down: Estonia’s Center Party Gamble on Mihhail Kõlvart» (på engelsk). Foreign Policy Research Institute. Henta 14. april 2024.