Jevnaker kyrkje er ei verna åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) frå 1834 i Jevnaker kommuneHadeland i Viken fylke. Ho er bygd i tre og har 400 sitjeplassar. Det opphavlege interiøret er teke godt vare på, mellom anna med preikestolen plassert over altaret i ein kombinasjon som ofte vert kalla preikestolaltar. Truleg har byggmeister S.H.Aspaas og sokneprest (og astronom) Abraham Pihl stått for teikninga og bygginga av kyrkja, men det er òg mogleg at ho kan vere bygd med Vang kyrkje i Hamar som førebilete.

Jevnaker kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Viken
Kommune Jevnaker
Type åttekant
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 8. oktober 1834
 - Endringar 1890, 1910
Tårn I vest
Klokker 1789 (Erich Schmidt) og 1893 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont 1732, kalkforma og med akantus
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1962
Sitjeplassar 400[1]
Diverse Prekestolalter
Kart
Jevnaker kyrkje
60°15′28″N 10°26′04″E / 60.257705°N 10.434426°E / 60.257705; 10.434426
Wikimedia Commons: Jevnaker kirke

Jevnaker kyrkje står på same plassen som ei steinkyrkje frå mellomalderen stod tidlegare, men som vart for lita på byrjinga av 1800-talet. Kyrkja er soknekyrkje i Jevnaker sokn i Hadeland og Land prosti i Hamar bispedøme.

Prestegarden ligg på den andre sida av E16.

Kjelder endre

  • Festtidsskrift til Jevnaker kirkes 150-års jubileum 1834 -1984. Jevnaker: Jevnaker menighetsråd. 1984. 
  • Bugge, Anders (1932). «Jevnaker kirke». Hadeland. Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 246-255. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 582. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre