Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°15′24″N 10°26′13″E

Hovudbygning
Foto: Mahlum
Forpaktarbustad
Foto: Mahlum
Stabbur
Foto: Mahlum

Jevnaker prestegard (gnr. 140) ligg rett søraust for Jevnaker kyrkje, på motsett side av E16.

Prestegarden si historie går langt attende i tid, og garden har vore hovudbølet i eit gods som med parsellar og husmannsplassar kan ha vore så stort som 3800 mål.[1] Det første teglverket i området kom i drift i 1776 ved prestegarden.[2]

Den førre hovudbygningen brann i 1713, og eldste del av noverande bygning er truleg oppført like etterpå. Bygningen er sidan utvida med ein bygningsdel frå 1814 som vart sett saman med den eldre hovudbygningen omkring midten av 1800-talet. Hovudbygningen vart omfattande restaurert i 1931.[3]

Av andre bygningar vert bryggarhuset rekna for å vere det eldste. Drengstova er nytta som forpaktarbustad sidan 1906.

Prestegarden er freda. Gardsdrifta er delt frå og seld. I området rundt kyrkja og prestegarden er ei rekkje gravhaugar.[4]

FotnotarEndra

  1. Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 314.
  2. Hadeland: Bygdenes historie 2, s. 170f.
  3. Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 315.
  4. Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 88.

KjelderEndra

  • Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «154 Jevnaker prestegård». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 131–132. 
  • Jac. Kinge (1932). «Jevnaker prestegård». Hadeland: Bygdenes historie 1. Hadelands bygdebokkomité. s. 314–317. 
  • Hadelands bygdebokkomité, red. (1932). Hadeland: Bygdenes historie 2. 

BakgrunnsstoffEndra