Jiaozhoubukta

hav

36°7′24.44″N 120°14′44.3″E / 36.1234556°N 120.245639°E / 36.1234556; 120.245639

Jiaozhoubukta (kinesisk 胶州湾; tysk Kiautschou-Bucht) er ei bukt ved Qingdao i Kina. Ho var ein tysk koloni-konsesjon frå 1898 til 1914.

Jiaozhou er den største byen i det historiske området, som vart kalla Kiautschoutysk.

Geografi endre

Jiaozhoubukta ligg på sørkysten av Shandonghalvøya i Aust-Kina. Ho skil Huangdao-distriktet frå Qingdao by og grensar til Jiaozhou by.

Bukta er 32 km lang og 27 km brei med eit areal på 362 km², omkring to tredjdelar av arealet for 100 år sidan. I følgje offisielle data[1] har overflatearealet minka frå 560 km² i 1928 til 362 km² i 2003 fordi landområde har vorte tørrlagt i løpet av dei siste tiåra. Sjølivet har òg minka med to tredjedelar dei siste 50 åra[2] på grunn av by- og industriutvikling og vest i områda kring byen.

Jiaozhoubukta er 10 til 15 meter djup med djupare, oppmudra kanalar til tre store hamner kring bukta: Qingdao, Huangdao og Hongdao, som alle er isfrie om vinteren.

Historie endre

 
Tsingtau (1912)
 
Tsingtau, guvernørhuset
 
Postkort frå kring 1900

Jiaozhoubukta vart tidlegare kalla Jiao'Ao. Området vart godt kjend hos europerane etter at området vart leigd ut til Det tyske riket i mars 1898 med Qing-regjeringa i Kina.

I 1898 vart området overført til Tyskland for ein 99 år lang avtale og vart kjend som Kiautschoubukta konsesjonsområde. LandsbyenQingdao vart den tyske kolonien Tsingtau, og området vart fokus for tysk handel i Kina, medan den tyske marinen nytta bukta som marinebase for den tyske austasiaskvadronen.

På grunn av landspekulering i tyske afrikanske koloniar, vart det berre innført jordtakseringsskatt i kolonien. Dette skapte raskt rikdom i kolonien og økonomisk stabilitet.[3] Kolonien var den einaste autoriteten som nytta einggangsskatt og vert nytta som døme i teoretiske studiar den dag i dag.

første verdskrigen braut ut, oppheva Repulikken Kina Kiautschou-avtalen med Det tyske riket. Dette tredde i kraft den 23. august 1914, dagen då Japan erklærte krig mot Tyskland, etter at det japanske ultimatumet om at tyskarane skulle trekkje seg bort frå kolonien hadde gått ut. Området vart så okkupert av britiske og japanske styrkar under omleiringa av Tsingtao.

Kina erklærte krig mot Tyskland den 14. august 1917. Som ein alliert av sigerherrane venta Kina å få regionen formelt attende då krigen var over. Men Versaillesfreden gjekk med på krava til Japan frå fredskonferansen i Paris og gav alle dei konfiskerte tyske områda i Stillehavsområdet og øyane nord for ekvator til Japan, inkludert Jiaozhoubukta. Dette skapte store protestar frå Kian, kjend som «4. mai-rørsla», som vert rekna som ei viktig hending i moderne kinesisk historie. Resultatet vart at Beiyang-regjeringa nekta å signere fredsavtalen.

Dette vart kjend som «Shandong-problemet». Det vart etter kvart løyst med USA som meklar, og området vart ført attende til Kina i februar 1922.

Brusamband endre

Jiaozhoubukta ligg heilt innanfor Qingdao prefektur. Mot klokka ligg Shinan-distriktet, Shibei-distriktet, Sifang-distriktet, Licang-distriktet, Chengyang-distriktet, Jiaozhou by, Jiaonan by og Huangdao-distriktet. Innløpet til bukta er 6,17 km breitt. I 1993 valde Qingdao by å byggje ein trafikkorridor for regionen kring Jiaozhoubukta, som omfattar ein tunnel under bukta og ei bru over Jiaozhoubukta. I desember 2006 byrja bygginga som var ferdig i 2011.

Jiaozhoubukta-brua er med ei lengd på 42,5 km den lengste brua over vatn i verda. Det totalet budsjettet var estimert til 9,938 milliardar yuan (~US$1,5 milliard[4]). Det er estimert at dette korta ned reisetida frå Qingdao til områda utanfor med meir enn halvparten og fjerna den verste trafikken frå Jiaozhoubukta motorveg. Qing-Huang-tunnelen vil knyte Qingdao til Huangdao med ei lengd på over 7 km; og ein kostnad på 3 milliardar yuan (~US$440 million). Då denne er ferdig vil den estimerte reisetida vere 10 minuttar med bil frå Qingdao til Huangdao-distriktet.

Kjelder endre

  1. China State Oceanic Administration "Chorography of Jiao'Ao"
  2. http://www.soa.gov.cn/hyjww/zghybnew/ywb/webinfo/2008/11/1225332542195401.htm[daud lenkje]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. januar 2014, henta 10. januar 2014 
  4. per XE.com Universal Currency Converter, July 2009

Bakgrunnsstoff endre