Jiddaøya (arabisk جزيرة جدة) er ei folketom øy i Bahrain. Ho ligg vest for Bahrainøya og like nord for Umm an Nasan i Persiabukta. Ei kort vegfylling går ut til øya frå Umm an Nasan.

Jiddaøya
جزيرة جدة
øy
Land  Bahrain
guvernement Nordguvernementet
Del av Bahrain
Koordinatar 26°11′37″N 50°24′15″E
Kart
Jiddaøya
26°11′37″ N 50°24′15″ E

Det brukte å vere fengsel på Jidda.[1] Majeed Marhoon, Abdulhadi Khalaf og fleire andre politiske aktivistar sat i fengselet i 1960- og 1970-åra.

Seinare vart øya den private eigedomen til statsministeren Khalifa bin Salman Al Khalifa og er i dag stengd for ålmenta. Øya har eit palass, hagar, ein helikopterlandingsplass, ein moské og fleire andre anlegg laga for statsministeren og familien hans, sjølv om øya ikkje er busett og sjeik Khalifa sjølv bur i RiffaBahrainøya.

Øya består av kalksteinsklipper. Ein trur at blokker frå øya vart skorne ut og brukt i Barbar-tempeletBahrainøya.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre