Umm an Nasan
Umm an Nasan (arabisk ام النعسان) er den fjerde største øya i Bahrain, etter Bahrainøya, Hawar og Muharraq. Ho er privateigd av kong Hamad bin Isa Al Khalifa, og er avgrensa for vanlege folk. Ho er knytt til Bahrainøya via King Fahd Causeway. Det er lite utvikling på øya anna enn dei to palassa til kongen og somme hagar. Ei lita stamme hjorteantilope er sett ut på øya.
Umm an Nasan | |||
øy | |||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
Del av | Bahrain | ||
Stad | Persiabukta | ||
- koordinatar | 26°08′42″N 50°24′00″E / 26.145°N 50.40°E | ||
Lengd | 7 km | ||
Areal | 20 km² | ||
Umm an Nasan 26°08′59″N 50°24′00″E / 26.14972222°N 50.4°E | |||
Kart som viser Umm an Nasan.
|
Umm an Nasan ligg i Bahrainbukta i Persiabukta vest for Bahrainøya, og aust for den saudiarabiske kystbyen Khobar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Umm an Nasan» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Artikkel om øya[daud lenkje], Abbas al Murshid