Jim Mullen
Jim Mullen (fødd 26. november 1945) er ein skotsk jazzgitarist med ein særeigen stil. Som Wes Montgomery før han brukte han tommelen til å plukke strengane med i staden for eit plekter.[1]
Jim Mullen | |||
| |||
Fødd | 26. november 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Jazz, jazzrock | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Brian Auger's Oblivion Express, Kokomo, Average White Band, Morrissey–Mullen, The AllStars, The Jim Mullen Organ Trio, Citrus Sun | ||
Verka som | Musikar |
Biography
endreJim Mullen var gitarist med Pete Brown & Piblokto! for to album i 1970. Han spelte så med Brian Auger's Oblivion Express,[2] og var med på dei tre første albuma i lag med den framtidige Average White Band-trommisen Robbie McIntosh. Mullen vart så med i bandet Kokomo og turnerte seinare med Average White Band.
Då han turnerte i USA med AWB i midten av 1970-åra møtte han tenorsaksofonisten Dick Morrissey, og i 1980-åra slo dei seg saman til det britiske jazzfunkbandet Morrissey–Mullen.[2] Plateprodusenten Richard Niles, som produserte det sjette albumet til bandet, It's About Time, produserte sidan tre soloalbum for Mullen.[3]
Mullen har spelt med mellom andre Pete Brown & Piblokto!, Mose Allison, Hamish Stuart, Joanna Eden, Tam White, Claire Martin, Mike Carr, Jimmy Witherspoon, Dave O'Higgins og Georgie Fame, Sinan Alimanovic, David Tughan og Frank Holder.
Diskografi
endre- Som leiar og medleiar
- 1980: Live' at Ronnie Scott's - med Mike Carr og Harold Smith
- 1993: Good Times and The Blues - med Dick Morrissey og Mike Carr
- 1993: Soundbites
- 1997: Big Blues - med Jimmy Witherspoon
- 2000: Burns
- 2001: We Go Back
- 2001: ...but beautiful - Jim Mullen Helmut Nieberle Sextett
- 2002: jimjam - med Hamish Stuart
- 2003: Rule of Thumb - med Laurence Cottle
- 2003: Live in Glasgow - med Gary Husband, Mick Hutton og Gareth Williams
- 2007: All About the Music - The AllStars
- 2007: Smokescreen - The Jim Mullen Organ Trio med Stan Sulzmann
- 2009: Make Believe - The Jim Mullen Organ Trio
- 2012: String Theory - The Jim Mullen Quartet
- 2014: Catch My Drift - The Jim Mullen Organ Trio
- Som sidemann
- 1970 Things May Come and Things May Go but the Art School Dance Goes on Forever, Pete Brown & Piblokto! (Harvest SHVL 768)
- 1970 Thousands on a Raft, Pete Brown & Piblokto! (Harvest SHVL 782)
- 1977: Benny and Us – Average White Band[4]
- 1977:The Atlantic Family Live in Montreaux
- 2001: Cartoon Capers
- 2002: The Mose chronicles: live in London, vol. 2 - med Mose Allison, Blue Note
- 2002: He Never Mentioned Love - Claire Martin
- 2005: «Builders Brew» - David Tughan (OT Records)
- 2014: People of Tomorrow - Citrus Sun (Dome Records)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jim Mullen» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gramophone Review of Rule of Thumb
- ↑ 2,0 2,1 Ankeny, Jason. «Jim Mullen: Biography». Allmusic. Henta 21. mars 2010.
- ↑ Richard Niles official web site, arkivert frå originalen 29. mars 2010, henta 13. november 2015
- ↑ Additional Musikars Arkivert 2013-08-01 ved Wayback Machine. AWB official website. Retrieved 9 August 2013.