Jimmie Åkesson
svensk politikar
Jimmie Åkesson (fødd 17. mai 1979) er ein svensk politikar, som frå 2005 er partileiar for Sverigedemokraterna. Han vart vald inn i Riksdagen i Sverige i 2010. Frå 1998 har Åkesson vore medlem av kommunestyret i Sölvesborg i Blekinge.
Jimmie Åkesson | |
![]() | |
Fødd | 17. mai 1979 (43 år) Ivetofta i Skåne |
---|---|
Statsborgar av | Sverige |
Parti | Sverigedemokraterna |
Yrke | skribent, politikar, bloggar |
Utdanna ved | Lunds universitet Furulundsskolan |
Jimmie Åkesson har som partileiar hatt betydeleg suksess. Ved riksdagsvalet i 2010 fekk Sverigedemokraterna 20 representantar, og ved valet i 2014 49 representantar (12,9 prosent av avgjevne røyster).
Åkesson har studert mellom anna statsvitskap, jus og økonomi ved Lunds universitet.
KjelderEndra
- Olav Garvik (5.10.2014). «Jimmie Åkesson». Store norske leksikon. Henta 30. mars 2018.