Jaume Marquet i Cot, kjent som Jimmy Jump (fødd 14. mars 1976 i Sabadell i Katalonia) er ein seljar frå Barcelona som har gjort det til ein livsstil å utføre spektakulære og uventa opptrinn under store arrangement. Han reknar seg sjølv som ein kunstnar.

Jimmy Jump
20070815 allianz arena munich lionel messi jimmy jump.jpg
Fødd 14. mars 1976 (44 år)
Barcelona
Yrke Eigedomsmeklar

Han vart først internasjonalt kjend for stuntet under finalen i EM i fotball 2004 mellom Portugal og Hellas, då han sprang inn på banen og kasta eit Barcelona-flagg i andletet på Real Madrid-spelaren Luis Figo, før han slengde seg inn i Hellas' mål og deretter vart ført bort av vaktene.

Andre stuntEndra

  • Rett før finalen i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika sprang han inn på bana mot VM-trofeet. Han hadde på seg ei T-skjorte med teksten «JimmyJump.com AGAINST RACISM» og prøvde å setje barretina på trofeet.
  • Under Eurovision Song Contest 2010 i Oslo tok han seg inn på scena under Spania sitt innslag med ein raud barretina på seg.
  • Han sprang på bana under finalen i French Open 2009 i tennis mellom Roger Federer og Robin Söderling og kasta eit Barcelona-flagg mot Federer.
  • Under EM-semifinalen mellom Tyskland og Tyrkia i 2008 sprang han inn på bana med eit tibetansk flagg. Han hadde på seg ei T-skjorte med påskriften «Tibet er ikkje Kina».
  • I mai 2007 sprang han inn på bana under mesterligafinalen i fotball mellom AC Milan og Liverpool FC medan han heldt eit gresk flagg.
  • I 2007 sprang han inn på bana under Rugby World Cup-finalen mellom England og Sør-Afrika.
  • I 2006 sprang han inn på bana under meisterligakampen i fotball mellom Villarreal og Arsenal, og kasta ei Barcelona-trøye på Arsenal-spelaren Thierry Henry.
  • Under eit Formel 1-løp i Barcelona i 2004 sprang han inn på målstrekket då Formel 1-bilene suste forbi i 250 km/t.
  • Under ein sigersseremoni ved ei tennisturnering i Barcelona sprang han fram til vinnaren Carlos Moya og gav han visittkortet sitt.
  • Då fotballaget FC Barcelona spelte ein kamp, sprang han ut på bana og sette ein barretina på Barcelona-spelaren Samuel Eto'o for å ynskje han velkommen til laget.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra