Joana Vasconcelos

Joana Vasconcelos (fødd 8. november 1971) er ein portugisisk kunstnar kjend for store installasjonar, skulpturar laga av daglegdagse ting og tekstildekte figurar.

Joana Vasconcelos

Statsborgarskap Portugal
Fødd 8. november 1971 (53 år)
Paris
Yrke biletkunstnar, kunstmålar, tekstilkunstnar, smykkedesigner
Språk portugisisk
Joana Vasconcelos på Commons

Vasconcelos blei fødd i Paris.[1] Familien hennar vende tilbake til Portugal frå eksilet sitt i Frankrike etter Nellikrevolusjonen i 1974.[2] Ho studerte ved Centro de Arte & Comunicação Visual i Lisboa.[3] Ho har sidan budd og arbeidd i Lisboa, og byrja å stilla ut jamleg frå midten av 1990-talet.[4]

Ho er ein svært populær kunstnar i Portugal og elles.[5] I 2009 mottok ho Prins Henrik-ordenen.[6]

Virke

endre
 
A Joia do Tejo (2008) på Torre de Belém i Lisboa.
 
Coração Independente Vermelho ('Raudt sjølvstendig hjarte')
 
Pop Galo i Barcelos (desember 2018-september 2019)

Vasconcelos stilte ut ved Venezia-biennalen i 2005 der ho mellom anna viste fram A Noiva ('Brura'), ei 20 fot høg lysekrone laga av over 14 000 tampongar.[3]

I juni 2011 opna installasjonen Contaminação gruppeutstillinga The World Belongs to You som blei halden ved Palazzo Grassi.[3]

I 2012 stilte Vasconcelos ut verket sitt ved den store årlege samtidskunstutstillinga ved Slottet i Versailles. Ho var den fyrste kvinne og den yngste samtidskunstnaren til å stilla ut i Versailles.[7]

In 2013 representerte kunstnaren Portugal i ei soloutstilling ved paviljongen til landet ved Venezia-biennalen. Verket Trafaria Praia blei installert i ein båt for anker som samstundes blei til eit flytande galleri.[8]

I 2018 var Vasconcelos representert med den retrospektive utstillinga I'm Your Mirror ved Guggenheimmuseet i Bilbao i Spania som den fyrste portugisiske kunstnaren til å oppnå denne æra. Utstillinga omfatta 30 verk og representerte 25 år av den kunstnariske karrieren hennar.[9]

I 2020 installerte Vasconcelos det massive stad-spesifikke verket Valkyrie Mumbet ved Massachusetts College of Art and Design Museum (MAAM) i Boston i Massachusetts. Dette var den fyrste soloutstillinga hennar i USA. Verket er del av ein serie av storskalaverk kunstnaren lagar for særskilde stader, til ære for inspirerande kvinner knytte til den staden.[10] Det nemnde verket er til æra for Elizabeth Mumbet Freeman, ei slavekvinne i Massachusetts som gjekk til retten for å oppnå fridom.[11]

Vasconcelos bidrog til å utforma heile settet rundt moteframsyninga til Christian Dior for haust/vinter 2023,[12] designa av Maria Grazia Chiuri. Vasconcelos utforma ein abstrakt, edderkoppaktig skulptur av blondar, broderi og heklearbeid med blomemotiv over framsyninga. Verket var inspirert av Catherine Dior, som Vasconcelos såg for seg som ei valkyrje, og blomemotiv frå arkiva til Dior.[13]

I juni 2023 opna Wedding Cake, ein 12 meter høg bygning dekorert med 25 000 handlaga keramikkfliser, ved Waddesdon i Buckinghamshire i England. Verket var bestilt av baron Jacob Rothschild. Vasconcelos hadde allereie bidrege til skulpturparken i Waddington med skulpturen Pavillon de Thé (ei gigantisk tekanne i støypejarn) og Lafite, to store lysestakar laga av Château Lafite-flasker.[12]

Soloutstillingar (utval)

endre
  • 2010: I Will Survive, Haunch of Venison, London i Storbritannia
  • 2011: Res Publica, Centenário da República, Calouste Gulbenkian-stiftinga, Lisboa, Portugal
  • 2012: Royal Valkyrie, Château de Versailles i Frankrike[14]
  • 2013: Trafaria Praia, Den portugisiske paviljongen, den 55. Venezia-biennalen i Venezia i Italia
  • 2018: I'm Your Mirror, Guggenheimmuseet i Bilbao i Spania
  • 2020: Valkyrie Mumbet, MassArt Art Museum, at the Massachusetts College of Art and Design, Boston i Massachusetts i USA[15]

Verk i utval

endre
  • Flores do Meu Desejo, 1996
  • Sofá Aspirina, 1997
  • Cama Valium, 1998
  • Spot Me, 1999
  • Ponto de Encontro, 2000
  • Strangers in the Night, 2000
  • A Noiva, 2001-2005
  • O Mundo a Seus Pés, 2001
  • Pantelmina #1, 2001
  • Barco da Mariquinhas, 2002
  • Blup, 2002
  • WWW.Fatimashop, 2002
  • Una Dirección, 2003
  • Coração Independente Dourado, 2004
  • Passerelle, 2005
  • Coração Independente Vermelho, 2005. Hengande skulptur i jern og plastbestikk med lydinstallasjon[16] av fado sungen av Amália Rodrigues.[17]
  • Néctar, 2006. Flaskeskulptur av vinflasker, jern, kvite LED-lys og elektrisk utstyr.[18]
  • Big Booby, 2007
  • Donzela, 2007
  • Jardim do Éden, 2007
  • Contaminação, 2008-2010
  • A Jóia do Tejo, 2008
  • Piano Dentelle, 2008
  • Marilyn, 2009
  • Valquíria Enxoval, 2009
  • Portugal a Banhos, 2010
  • Sr. Vinho, 2010
  • La Théière, 2010
  • Loft, 2010
  • Mary Poppins, 2010
  • Sugar Baby, 2010
  • Tutti Frutti, 2011
  • War Games, 2011
  • Lilicoptère, 2012. Eit forgylla helikopter pynta med strass og rosa strutsefjører.[17]
  • Call Center, 2014-2016. Ein stor Beretta-revolver laga av 168 svarte fasttelefonar. Musikk av ringelydtonar laga av Jonas Runa.[17]
  • Pop Galo, 2016. Ein ti meter høg versjon av Barcelos-hanen, dekka av handmåla fliser og LED-lys; akkompagnert av musikk av Jonas Runa.[17]
  • Suspensão, 2017
  • Valkyrie Mumbet, 2020

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Lamoni, Giulia. «Joana Vasconcelos». AWARE Women artists / Femmes artistes. Henta 11 January 2020. 
  2. Phaidon Editors (2019). Great women artists. Phaidon Press. s. 425. ISBN 0714878774. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Joana Vasconcelos». National Museum of Women in the Arts. Henta 11. januar 2020. 
  4. «Joana Vasconcelos | The Artist | Guggenheim Bilbao Museum», joanavasconcelos.guggenheim-bilbao.eus (på engelsk), arkivert frå originalen 11. september 2021, henta 11. september 2021 
  5. «The Quietus | Features | Craft/Work | The Artist As Brand Manager: Joana Vasconcelos at Serralves», The Quietus (på engelsk), henta 6. september 2021 
  6. «Ordens Honoríficas Portuguesas». Presidency of the Portuguese Republic. Henta 11 January 2020. 
  7. Evelyne Politanoff, The Huffington Post "Versailles by Joana Vasconcelos" Retrieved 28 April 2013
  8. Brady, Helen. «Joana Vasconcelos's Floating Pavilion For Portugal At The Venice Biennale». Culture Trip. Henta 4 November 2020. 
  9. «Joana Vasconcelos holds up a mirror at the Guggenheim Bilbao». The Independent (på engelsk). 10. juli 2018. Henta 4 November 2020. 
  10. Guerra, Cristela (21 February 2020). «MassArt Opens A New Contemporary Art Museum, And It's Free». WBUR. Henta 6 March 2020. 
  11. «Joana Vasconcelos | MassArt Art Museum». maam.massart.edu. Henta 15. april 2021. 
  12. 12,0 12,1 Wise, Louis (26. mai 2023). «Gâteau at the château: Lord Rothschild’s latest folly». Financial Times. 
  13. Nast, Condé (28. februar 2023), «5 Things To Know About Christian Dior’s Existentialist AW23 Show», British Vogue (på engelsk), henta 25. oktober 2023 
  14. Dagen, Philippe (3 July 2012). «Joana Vasconcelos: Versailles – review». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 4 November 2020. 
  15. «Inaugural: Joana Vasconcelos at the MassArt Art Museum – Boston, MA». Portuguese American Journal (på engelsk). 15. februar 2020. Henta 4. november 2020. 
  16. «Coração Independente Vermelho | Museu Coleção Berardo | Lisbon», en.museuberardo.pt, henta 6. september 2021 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 «Joana Vasconcelos | The Exhibition | Guggenheim Bilbao Museum», joanavasconcelos.guggenheim-bilbao.eus (på engelsk), arkivert frå originalen 11. september 2021, henta 11. september 2021 
  18. «Néctar | Museu Coleção Berardo | Lisbon», en.museuberardo.pt, henta 6. september 2021 

 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Joana Vasconcelos
Litteratur
  • Vasconcelos, Joana (2018). I'm your mirror. Enrique Juncosa, Petra Joos, Isalina Conde, Museo Guggenheim Bilbao, Museu Seralves, Kunsthal Rotterdam. Bilbao. ISBN 978-84-17048-81-5. OCLC 1057784624.
  • Vasconcelos, Joana (2019). Joana Vasconcelos. Christian K. Scheffel, Christof Trepesch, Peter Joch, Galerie Scheffel. Köln, 2019. ISBN 978-3-86832-399-3. OCLC 1090543439.
  • Vasconcelos, Joana (2019). Joana Vasconcelos: maximal. Achim Sommer, Max Ernst Museum. Munich. ISBN 3-944453-15-8. OCLC 1110580869