Guggenheimmuseet i Bilbao

Guggenheim-museet er eit kunstmuseum for moderne kunst og samtidskunst i Bilbao i Baskarland i Spania. Det opna i oktober 1997 i ein bygning utforma av Frank Gehry.

Guggenheimmuseet i Bilbao

StadBilbao
Skipa18. oktober 1997
Kart
Guggenheimmuseet i Bilbao
43°16′08″N 2°56′03″W / 43.26883°N 2.934099°W / 43.26883; -2.934099

Store delar av museet vert brukt til mellombelse utstillingar. Desse har mellom anna inkludert ei omfattande aztekar-utstilling og ei utstilling med abstrakt ekspresjonisme innan målarkunsten.

Historie endre

Museet var resultatet av mange år med planlegging og samarbeid mellom baskiske styresmakter og Solomon R. Guggenheim-stiftinga. Baskiske styresmakter hadde lenge hatt ein plan om å revitalisera Bilbao som ein europeisk kulturby, og tok i 1991 kontakt med Guggenheim-stiftinga om støtte til å skipa eit eige museum i Bilbao.[1][2][3] Dei baskiske styresmaktene gjekk med på å dekka byggekostnadane på 100 millionar US-dollar, å skapa eit kjøpsfond på 50 millionar dollar, å betala Guggenheim-stiftinga ein eingongssum på 20 millionar og å subsidiera det årlege budsjettet til museet på 12 millionar. I bytte skulle stiftinga driva institusjonen, rotera inn delar av den permanente samlinga si til det og skipa til mellombelse utstillingar.[4]

Den karakteristiske museumsbygningen vart teikna av den nordamerikanske arkitekten Frank O. Gehry, og er i stor grad dekt av titan. Glas, ulike steintypar og dessutan vatn utgjer viktige designelement i anlegget. Museet vart bygt av Ferrovial,[5] og kosta 89 millionar dollar.[6] Rundt 5 000 folk frå Bilbao var med på tilstellinga utanfor museet kvelden før opninga, som omfatta lysshow og konsertar. 18. oktober 1997 blei museet opna av kong Juan Carlos I.[3]

Faste utstillingar endre

 
Jeff Koons sin hundekvalpskukptur av blomar.
  • Galleri 105:
  • Verk og installasjonar som inngår i bygningsanlegget er m.a:

Kjelder endre

  1. Templar, Karen. "Frank Gerry", Salon, 5. oktober 1997, vitja 21. mars 2012
  2. "Guggenheim Museum Bilbao", The Solomon R. Guggenheim Foundation, vitja 4. april 2012
  3. 3,0 3,1 Security tight before Guggenheim Museum opens in Basque city, CNN, 18. oktober 1997
  4. Riding, Alan. "A Gleaming New Guggenheim for Grimy Bilbao", The New York Times, 24. juni 1997.
  5. «Ferrovial history». Arkivert frå originalen 6. august 2010. Henta 31. juli 2021. 
  6. Ouroussoff, Nicolai. "The Architect's New Museum in Bilbao, Spain, Emerges as a Testament to One Man's Optimism Amid a Landscape of Industrial Decay", Los Angeles Times, 2 June 1997.

Bakgrunnsstoff endre