Jochen Sachse (fødd 2. oktober 1948) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Frankenberg i Sachsen som representerte Aust-Tyskland. Han vann sølvmedaljen i sleggjekasting både under Sommar-OL 1972 og Friidretts-EM 1974.

Jochen Sachse


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 2. oktober 1948 (75 år)
Frankenberg
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – men's hammer throw, athletics at the 1976 Summer Olympics – men's hammer throw

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Aktiv endre

 
Jochen Sachse

Sachse vart femtemann ved Friidretts-EM 1969. Året etter sette han personbeste med 72,34 meter då han gjekk til topps i sleggjetevlinga i universiaden i Torino. Sommaren 1971 forbetra han seg til 72,76 m, eitt år seinare sette han austtysk rekord med eit kast på 74,76 meter. Under dei olympiske leikane 1972 i München smekka han til med 74,96 m i siste omgangen og tok sølvmedaljen, berre verdseinaren Anatolij Bondartsjuk frå Sovjetunionen kasta lengre i tevlinga og gjennom sesongen. Sachse vann ein ny sølvmedalje då EM 1974 fann stad i Roma, her vart han slått med 20 cm av Sovjets Aleksej Spiridonov, ein kar som sette verdsrekord like etter meisterskapen. 1975-sesongen flytta Sachse sin personlege rekord til 76,40 m, via 75,40 m og 76,04 m. I 1977 forbetra han sitt personbeste med fire centimeter til 76,44 m. Han la opp etter 1978-sesongen.

Sachse vart austtysk meister i sleggjekast i 1971, 1972, 1975 og 1976.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre