József «Joci» Pápai (uttalt ˈjot͡si ˈpaːpɒi; fødd 22. september 1981 i Tata) er ein ungarsk songar, stemmeskodespelar, rappar og gitarist. Han representerte Ungarn i Eurovision Song Contest 2017 med songen «Origo» og enda på åttandeplass.[1] Pápai deltok på ny i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Az én apám».[2][3]

Joci Pápai

Fødd22. september 1981 (43 år)
FødestadTata
FødenamnPapai József
AliasJoci Pápai, Pápai Joci
OpphavUngarn
Aktiv2005–
Sjangerrapping
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar, komponist, rappar

Bakgrunn

endre

Pápai stammar frå ungarske romfolk. Han byrja med musikk allereie som fireåring, takka vere storebror sin som skreiv songar og spelte gitar. Han vart påverka av musikkstilane frå 1960- og 1970-åra, og anna rock, pop, soulmusikk og R&B. Han opptredde fyrste gong for offentlegheita i 2005, då han deltok i sesong 2 av talentshowet Megasztár på ungarsk TV2. Han rauk ut i dei innleiande rundane, men fekk merksemd nok til å satsa på musikken.

Den fyrste store suksessen til Papái kom året etter med låten «Ne nézz így rám». Same året samarbeidde han med rapparen Majka på låtane «Nélküled» og «Nekem ez jár». Han fekk stor kommersiell suksess i 2015 med «Mikor a test örexik».[4] Seinare gav han ut songen «Elrejtett világ» saman med songarane Caramel og Zé Szabó. Han samarbeidde på ny med Majka på pop-funk-songen «Senki más».

I 2017 deltok Papái i A Dal, den ungarske finalen til Eurovision Song Contest. Han vann tevlinga med sin eigenkomponerte «Origo» og fekk dimed representere landet i Eurovision Song Contest 2017, der han enda på ein åttandeplass.

I 2019 vann han A Dal på ny, denne gongen med låten «Az én apám».[5] Han representerte dimed Ungarn på ny i Eurovision Song Contest, men vart slått ut i semifinalen 14. mai 2019.[6][7]

Diskografi

endre

Singlar

endre
Tittel År Høgaste listeplassering Album
UNG[8] SVE[9] SVI
[10]
«Ne nézz így rám» 2010 2 Vigaszdíj
«Nélkülei» (med Majka og Tyson)
«Rabolj el» 2011 Ikkje frå album
«Nekem ez jár» (med Majka, Curtis og BLR) 2013 5
«Mikor a test örexik» (med Majka) 2015 9
«Elrejtett világ» (med Caramel og Zé Szabó)
«Senki más» (med Majka) 2016
«Origo» 2017 2 97 70
«Özönvíz» 5
«Az éin apám» 2019 2
«—» markerer at ein song ikkje nådde lista.

Kjelder

endre
  1. Mercereau, Damien (5. mars 2017). «Eurovision 2017 : Joci Pàpai revient aux origines pour la Hongrie» (på fransk). Le Figaro. Henta 16. mars 2017. 
  2. Herbert, Emily (23. februar 2019). «Hungary: Joci Pápai Selected For Eurovision 2019». Eurovoix. Henta 23. februar 2019. 
  3. Louise LaFleur (23. februar 2019). «Joci Pápai returns to Eurovision for Hungary in 2019». eurovision.tv. EBU. Henta 24. februar 2019. 
  4. «Te lájkolnád? Majka legújabb dala is Youtube-siker» (på ungarsk). Zaol.hu. 2015. Arkivert frå originalen 24. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  5. «Hungary presents their top 30 for 'A Dal' 2019». eurovision.tv. 3. desember 2018. Henta 26. januar 2019. 
  6. «Joci Pápai returns to Eurovision for Hungary in 2019». EBU. 23. februar 2019. Henta 24. februar 2019. 
  7. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  8. Høyeste plassering på ungarske topp 40:
  9. «swedishcharts.com – Discography Pápai Joci». Hung Medien. Henta 19. mai 2017. 
  10. «hitparade.ch – Discographie Pápai Joci». Hung Medien. Henta 22. mai 2017.