Opna hovudmenyen

Joseph Brown (fødd 26. september 1930), vanlegvis kjend som Joe Brown, er ein britisk fjellklatrar som særleg er kjend frå fleire ekspedisjonar på 1950- og 1960-talet. Han var den første til å klatra opp ei rekkje fjelltoppar, mellom anna verdas tredje høgaste fjell Kantjendjunga.

Joe Brown
Joe Brown.jpg
Fødd 26. september 1930
Manchester
Yrke fjellklatrer, klatrer
Joe Brown-butikken i Capel Curig.

Joe Brown var fødd i Ardwick i Manchester som den yngste av sju i ein arbeidarklassefamilie.[1] Han byrja å klatra som gut saman med vener, ofte med gamle, samanknytte tau. Frå 1946 drog han på klatreturar kvar helg, først i Peak District, seinare i Lake District og Snowdonia.[2] På 1950-talet blei Brown kjend som klatrar, og skapte fleire nye klatreruter. Han blei med i Valkyrie climbing club og var med på å grunnleggja Rock and Ice Club.[3] Han møtte ein annan klatrar, Valerie Melville Gray, som han gifta seg med 17. februar 1957. Dei fekk døtrene Helen i 1960 og Zoe i 1966.

I yrkeslivet gjekk Brown i lære hjå ein røyrleggjar og byggmeister. Han var ein viktig representant for ein ny generasjon av klatrarar frå arbeidarklassen, medan klatrarar tidlegare hadde kome frå over- og mellomklassen. Ein god ven og medklatrarar som også var røyrleggjar var Don Whillans frå Salford. Brown skapte ei rekkje nye klatreruter, mellom anna «Cemetery Gates» (1951, med Don Whillans) og den mykje omtykte «Cenotaph Corner» (med Dough Belshaw i 1952)[4]Dinas Cromlech i Llanberis-passet.[3] Han drog på fleire ekspedisjonar i Alpane, mellom anna gjorde han rekord opp Aiguille du Dru på to dagar med Whillans.

Brown hadde aldri klatra i Himalaya før då han blei invitert med på Kantjendjunga-ekspedisjonen leidd av Charles Evans. 23. mai 1955 nådde han toppen av fjellet saman med George Band. Dei stoppa fem meter frå toppen ettersom ekspedisjonsleiaren hadde lova å ikkje klatra heilt opp til toppen av det heilage fjellet då han fekk løyve av den lokale leiaren. I 1956 hadde Brown ei anna asiatisk og svært krevjande førsteklatring, til vesttoppen av Muztagh i Karakoram saman med Ian McNaught-Davis.[5]

På 1960-talet utførte Brown fleire klatringar for fjernsyn: Tre i Snowdonia og ei ny rute opp stauren Old Man of Hoy på Orknøyane i 1957, i lag med Ian McNaught-Davis og sir Chris Bonington. Femten år seinare klatra Brown same ruta saman med dotter si Zoe. Joe Brown medverka også med klatrescner i filmar som Hazard, Upstairs Down Wales og Five Days One Summer.

Joe Brown utvikla også nytt tryggingsutstyr for klatring. I 1966 opna han og kona ein klatreutstyrforretning i Llanberis i Wales. Seinare opna dei to filialar.[6]

Brown har fortsett med klatring gjennom heile livet, og leia turar med vanskegrad «Extremely Severe» til han var oppi syttiåra.[7] Brown blei utnemnd til Member og seinare Commander of the British Empire i 2010 for tenestene sine til fjellklatring.[8]

UtgjevingarEndra

  • Brown, Joe (1967). The Hard Years. London, UK: Victor Gollancz. ASIN B001PQCRYK.  (Original Hardcover)
  • Brown, Joe (2001). The Hard Years. Seattle, WA, USA: Mountaineers Books. ISBN 978-0-89886-845-6.  (Reprint Edition)

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. "Joe Brown Biography." Joe-Brown.com.Web. 7May, 2012. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «Salute to legendary climber Joe Brown», Manchester Evening News (Jan 06, 2011)
  3. 3,0 3,1 Thompson, Simon (2010). Unjustifiable Risk?. Cicerone. s. 207–209.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. Cenotaph Corner, UKclimbing.com
  5. «Manchester 'human fly' climber Joe Brown appointed CBE», BBC News
  6. «About Joe Brown», joe-brown.com (17/02/2014)
  7. «Joe Brown CBE», Snowdonia-Active News (31/12/2010)
  8. «Manchester 'human fly' climber Joe Brown appointed CBE», BBC News (31 December 2010)